Introduksjon av Sheep-Isle:
I
denne artikkelen fortel Gudmund om sitt liv som gjetar. Gudmund har sjølv
teke alle bileta.
Eitt
ord, “fjellgang”, kjem igjen
og igjen. I Gudmund si verd har kvar årstid sin fjellgang, (som er å
samle sauene i ei innhegning omlag 4-5 gongar kvart år).
Den
færøyske sauen er skildra på Gudmund si internettside. Her kjem
spesialisten fram. Vitj denne unike nettsida der færøysk sau står fram
i ein nærmast endelaus fargeskala og mønster, og der neste alle har eit
gamalt færøysk namn!
http://heima.olivant.fo/~gni/
|
Frå gamalt av har dei færøyske
sauene gått ute i fjella året rundt, tvungne til å finne føda si sjølv.
Grasmengda kan variere mykje frå år til år, avhengig av om sommaren er
kald eller varm. I tillegg er tidspunktet som graset byrja å vekse
avgjerande. Nokre gonger kan det vere kaldt seint i juni, og sidan
lamminga for det meste er i april/mai, kan det ha mykje å sei både for
talet på lam og for storleiken. Vinteren har vidare stor innverknad på
kondisjonen til sauene når våren kjem. Det er ikkje vanleg å fôre
sauene, men no til dags har dei store saueeigarane byrja å modernisere
drifta.
|
|
Arv frå gamalt av har gradvis
utstykkja eigedomane til mange små bruk. I den seinare tid har ein prøvd
å slå bruka saman, slik at dei etter kvart kan verte lønsame. Men ikkje
alle er interessert i dette, etter som det vert rekna som eksklusivt her på
øyane å eige ein del i eit beiteområde (”hauge”).
Utmarka og fjella som høyrer til ei bygd er delt inn i slike ”hauge”
med ein eller fleire eigarar – men oftast med fleire større eller
mindre eigarar. Partane vert målt med dei gamle måleeiningane ”mark”, ”gylden” og
”skind” – 1 mark er lik 16
gylden og 1 gylden er lik 20 skind. Haugane her på øya Vàgar er mellom
2 og 8 mark store. Det varierer mykje kor mange sauer ein har på ein
mark, men talet ligg frå vel 50 til under 30.
Kor
mange søyer som høyrer til ein hauge er bestemt frå gamalt av. Det
syner seg at dette talet er det som høver best for å mest ut av buskapen.
Enno er det vanleg at haugane eksperimenterer med fleire eller færre dyr.
Men etter som vinteren, som sagt tidlegare, kan vere svært ulik frå år
til år og gå på flaks å setje ut for mange sauer. Det er vanleg å sei
at det er vinteren som avgjer kor mange søyer ein kan ha i ein hauge.
Haugane er i tillegg ulike på den måten av dei er enten gode eller dårlege
vinterhaugar. Ein god vinterhaug har eit større, ikkje for bratt, område
ved foten av fjellet, der sauene kan vere om vinteren medan det er snø
lenger oppe i fjellet.
Etter ”Haugelova” frå
1937 (”Law of the plots”)
skal det veljast minst ein gjetar som har oppgåva å gå tilsyn. Det har
vore lov om sauehald på Færøyane heilt sidan det kjente
”Sauebrevet” (”Seydabrævid*”, ”The sheep
Letter”) av 24/6 – 1298.
|
|
Gjetaren si oppgåve, etter den
same lova, er vidare å ta seg av sauehaldet, ”fjellgangen”, (det vil sei å samle sauene i ei innhegning ca 4
– 5 gonger i året) og øyremerke lamma. Han skal i tillegg ta hand om
alt det andre arbeidet i haugen, som å sikre at talet på søyer er
konstant og at sauene held seg innafor deira hauge. Det har ikkje vore
vanleg å gjerde inne haugane på Færøyane, men ein har no byrja med
dette fleire stader.
Året
for ein gjetar startar etter at vêrane er tekne heim. Dei er ikkje ute
heile året rundt, men vert tekne inn i slutten av januar eller byrjinga
av februar. For at lamminga ikkje skal kome for tidleg på året, slepper
me i vår hauge vêrlamma og vêrane ut fyrst den 12. desember. Då byrjar
lamminga andre veka i mai. Årsaka til at 12. desember vart vald er for å
unngå sludd som alltid kjem i byrjinga av mai.
Som sagt kan vintrane
vere svært ulike. Nokre gonger ligg temperaturen mellom 8 og 10 grader
langt inn i desember utan snø eller kulde. Men det kan også vere heilt
motsette vintrar. Januar, februar og mars vert rekna for å vere dei
kaldaste av vintermånadane. I dei gode vintrane går sauene høgt opp i
fjellet, dersom det ikkje ligg noko snø der. Men jo meir snø der er, jo
lenger ned kjem sauene. Gjetaren sin jobb om vinteren er hovudsakleg å
passe på at alle sauene kjem ned frå fjellet og har det godt. Det førekjem
nemleg at sauene kan snø ned, og då må ein gå ut og leite etter dei.
Det kan også skje at sauene frys fast i bakken, dersom det var sludd då
dei la seg ned, og det så har frose til om natta.
|
|
Det er ulikt frå hauge til hauge kor mykje fôr som vert gjeve i vintermånadane.
Dette avheng av eigarforholda, plasseringa og haldninga til sauehaldet.
Eigarskapet kan vere enten ”feli”, dvs. felleseige, eller ”kenning”
som betyr at kvar eigar veit kva for nokre sauer han eig. Ei blanding av
desse måtane eksisterer òg.
Dei
som eig bestemte individ har vanlegvis sauene heime om vinteren, enten
inne eller på inngjerda innmark. Desse eigarane fôrar vanlegvis sauene
gjennom heile vinteren, og let sauene lamme før dei vert sleppt ut i
haugen att etter 14. mai.
I vår hauge, som eg og
ein anna er gjetarar i, er heile saueflokken felleseige. Der er 12 eigarar
som eig partar frå vel 1 mark heilt ned til 16 skind. Haugen ligg ca
6 km
frå bygda, er
500
ha
stor, og går opp i eit
574 m
høgt fjell. Haugen
ligg midt på øya og har difor ikkje noko forbindelse til stranda.
Buskapen tel berre 162 sauer på grunn av ein svært liten vinterhauge.
Ein anna hauge av same storleik her på øya har 235 sauer. Haugen vert
driven på den gamle måten, der sauene går ute heile året og berre får
tilleggsfôr dersom snøen har lege i lengre tid.
|
|
Den fyrste fjellgangen er 2-3 veker før lamming, der all sauen vert
vaksinert for bråsott og dysenteri. På same tid får dei medisin mot orm
i innvolar og lunger. Gjetaren informerer eigarane om samlinga og kor
mange menn han har bruk for denne gongen. Ein eigar som har 1 mark må
stille med 3 mann kvar gong, medan ein som berre eig 16 gylden berre treng
stille kvar 6 – 7 gong. Me er nemleg alltid 12 mann med til kva
fjellgang. Dersom vêret er godt utan snø i slutten av april, går me
heilt til toppen av fjellet. Dersom det er snø vert samlinga lettare
fordi sauene er lenger nede i fjellet.
Det
fyrste lammet kan kome den 6. mai og vi håpar det er over med sludd. Som
sagt tidlegare brukar det siste sluddet å kome i byrjinga av i mai. Det
har endå til eit namn som viser til lamminga, ”lambasprænur”.
Om månaden mai seier me at den er kald men tørr, og det skal vere bra
under lamminga. Sjølv om det ville vere betre med litt varme i lufta,
slik at graseveksten kom i gang og søyene kunne produserer meir mjølk. Søyene
har ikkje lammingsvanskar, og me går berre ut i haugen for å fylje med i
kor langt lamminga har kome. Eg har vore sauegjetar sidan 1978, men har
aldri vore ute for å måtta hjelpe med lamming. Men det kan skje at eit
lam fell med i ei grøft og ikkje kjem seg opp att. Lamminga er vanlegvis
slutt sist i mai eller litt ut i juni. Men me har også opplevd at søyer
har kome med lam sist i juni.
På Færøyane får dei
fleste søyene eitt lam, men jo mindre buskapen er jo fleire av sauene
kjem med to lam. Årsaka til at det berre er eit lam pr. søye, er utan
tvil at me fôrar dei så lite som mogeleg. At me fôrar så lite er
delvis for å herde flokken slik at den klarar seg om vinteren. Det syner
seg nemleg at dersom ein sau må takast heim om vinteren, vert det
vanskeleg for den å klare seg ute neste vinter. Ei anna årsak til at
sauene vert fôra så lite, er at dei ikkje skal bli gåande i den lågare
delen av haugen rundt sauefjøsa, men gå så langt som mogeleg opp i
fjellet for å finne mat. Til sist har ein hauge med mange eigarar
vanskeleg for å finne gjetarar som kan ta seg så mykje av sauene. Då
alle har fulltidsarbeid må gjetararbeidet vere så lettvint som mogeleg.
I ein hauge med mange eigarar går så og sei alt slaktet til eige bruk.
Men eigarar med hundrevis av sauer sel sjølvsagt kjøt.
|
|
For utanforståande kan virke som ei merkeleg ordning at ein ikkje vil ha
så stort utbyte som mogeleg. Men ettersom det set større krav til
eigarane, er dei fleste mindre eigarane ikkje interessert i å starte med
dette. Dei fleste har heller
ikkje plass til å ha fleire sauer gåande heime om vinteren. Det er ikkje
mogeleg å ha dei på innmark om vinteren dersom ikkje eigarskapet er ”kjenning”,
på grunn av ”vinterbeite-rettane”.
Den
andre fjellgangen er mellom fyrste og tredje veka i juli, der sauene vert
samla, klypte og lamma vert øyremerka. Klyppinga skjer for det meste med
ullsakser, sjølv om mange har byrja å klyppe med elektriske sakser. Men
sidan ein stor del at haugane ofte ligg langt borte frå busetnad, er det
ikkje mogeleg å få straum. Berre her på øya, har mange av haugane
ikkje ein gong har veg. Dett har gjort det vanskeleg og somme tider
umogeleg å selje ulla.
For å kunne kjenne våre
lam og sauer frå naboane og andre haugar sine, er der ein ordning med øyremerking
slik at ein alltid kan sjå kva haug ein sau kjem frå. Ofte skjer det at
ein av naboane sine sauer kjem inn i inngjerdinga. Då alle lamma på
dette tidspunkt er utan øyremerke vil også naboen sitt lam verte merkt
med vårt merke, så framt ein ikkje er heilt sikker på kva for eit lam
som høyrer til naboen. På morsøya vert det hengt eit stykkje ull i
motsatt farge som på sauen. Naboen vert så informert, slik at han saman
med oss kan halde auge med korleis lammet ser ut, og kan få det rette
lammet til si tid. Mellom denne og den neste fjellgangen må gjetaren
finne dei sauene som av ein eller anna grunn ikkje kom med i inngjerdinga,
slik at han kan kjenne att dei lamma som høyrer til desse søyene,
ettersom dei ikkje er merka, og sikre at dei kjem med i inngjerdinga neste
gong.
|
|
Så vert alle lamma vaksinert mot bråsott og dysenteri, samt gjevne
medisin mot orm i tarmar og lunger. Medisin vert òg gjeve til søyene og
vêrane. Er der søyer utan lam, vert eit merke hengd rundt halsen på dei,
og dei vert slakta i oktober.
No
kjem ei tid der søyene med lam går høgt oppe i fjellet. Dei færøyske
sauene har eigenskapen å gå i fylje, flokkar. Det vil sei at kvar slik
flokk held saman gjennom heile året. I vår hauge er det 4 slike flokkar.
Om sommaren spreier dei seg mykje, men går alltid i det same området i
haugen. Om vinteren samlar dei seg meir og kjem lenger ned frå fjellet. I
kvar flokk kan det også vere mindre grupper. Gjetaren sin jobb på denne
tid, og for den saks skuld heile året, er å halde sauene innafor haugen
sine grenser. Det er brukar ikkje vere så vanskeleg, då me ved å jage
dei tilbake kvar gong me ser dei i nabohaugen, har gjeve dei ein god
kjensle av kvar dei høyrer heime. Der er vanlegvis nok å vise seg, så går
dei på plass igjen, særleg dersom ein har ein hund ved si side.
Fyrste eller andre
veka i oktober er det fjellgang igjen, der alle vêrlamma og mange
gimmerlam, bortsett frå dei som skal erstatte gamle søyer som vert
slakta på grunn av alderen, vert tekne heim for slakting. Dei beste vêrlamma
utan lyter vert valde ut til avlsvêrar. Eigarane har ansvar for å halde
desse vêrlamma heime og fôre dei godt, til dei skal ut for å pare søyene.
Alle lam som skal slaktast vert veg levande og fyrst delt mellom dei 5
mark. Dersom det er fleire eigarar i ein mark, vert slakta så delt mellom
desse eigarane etter deira part. Det er ikkje noko slakteri for sau, så
kvar eigar slaktar sine sauer sjølv. Ved denne fjellgangen vert det ikkje
gjort noko anna enn å merke gimmerlam, som vert sleppt laus att. For
mellom desse fjellgangane skal gjetaren opp i fjellet og sjå etter om dei
gimmerlamma som vart sleppte laus att, høyrer til dei same flokkane der
dei gamle søyene som skal slaktast, høyrer til. Det vert alltid sleppt
ut fleire søyelam enn det er bruk for. Dei som er til overs vert slakta
ved neste fjellgang.
|
|
Mellom denne og neste fjellgang er
det ei travel tid for gjetaren, då dei både skal slakte sauene dei har fått,
og gå opp i fjellet for å notere seg dei lamma som skal erstatta dei
gamle som vert slakta. For å ha ein så god buskap som mogeleg, vert alle
7 år gamle søyer slakta og nye sett til. Det er mogeleg å ha dei lenger,
men 7 år har synt seg å gje best resultat.
Ein til to veker etter
fyrste slakting, går me ut etter dei gamle søyene og dei overskytande
gimmerlamma. Desse sauene vert også vegne levande og delt etter eigarskap.
Dei gimmerlamma som skal erstatte dei gamle sauene vert vaksinert mot
paratuberkulose og igjen mot bråsott og dysenteri. Øyremerke i plastikk
med årstal vert klipsa i det eine øyre. Alle sauer og lam får medisin
mot orm og igler. Når dei sauene som skal slaktast er tekne frå, skal
buskapen helst vere på det bestemte talet 162. Men som sagt tidlegare,
ein kan regulere talet litt opp og ned. I vår hauge har me prøvd å ha
opp til 175 søyer, men har i dag kome til at mellom 158 og 160 gjev det
beste resultatet.
|
|
Den 12. desember vert så vêrlamma og eventuelt vêrar slept ut i haugen
for å pare søyene. Dei vert tekne inn att slutten av januar og levert
til eigarane. Når dette er gjort vert saueåret rekna som avslutta.
* ”The Seydabrævid” (”Sauebrevet”)
som er eit unikt historisk dokument, vil bli lagt ut på Sheep-Isle
seinare denne våren (2006).
|
|
|