Sheep-Isle har vitja  Færøyane

Introduktion til DET FÆRØSKE FÅRS FARVER

Litt om sauehald på Færøyane - Av Gudmund K. H. Niclasen

North Ronaldsøy opphavlege sau, på kanten av havet - Av Berit Kiilerich

Lofti-Design Færoyane 

Færoyane - 18 saueøyar rett vest 

Kongsbønder med eiga øy 

Sauefargar og avteikn - har me gløymt namna i Noreg? 

Frå rå natur til rått design - dér "sauene bestemmer fargane".
Eit intervju med den færøyske designar Malan á Lofti av Veronika Seim Bech

 

Velkomen til Færøyane

Opphav til prosjektet  

Sheep-Isle har alltid hatt ein forkjærleik for øyar. Øyar i alle variantar – frå dei heilt store til dei heilt små, busette som øyde, men alle med sauer, dei Opphavlege Sauene i Norden. Sauer på grøne øyar omgjevne av blått hav. Grønland i vest, Lofoten i nord, ei øy i den finske skjergard, Hjelm i Kattegat, Shetland, North Ronaldsay samt mange andre – alle saman liggjande i ein sirkel kring eit naturleg midtpunk - 18 grøne øyar i Nordatlanteren, omkrinsa av hav, og med sauer på dei alle, – brune, svarte, kvite, grå, flekkete, samt alle fargar og avteikn der i mellom – FÆRØYANE.  

Sheep-Isle har oversett midtpunktet, men reist rundt i utkanten! Dette vil Sheep-Isle i løp av inneverande år bøte på. Heile dette året blir ei lang fokusering på menneskja og sauene på Færøyane.

I år sende Sheep-Isle ut ei nyttårshelsing på færøysk, med ei noko upresis erklæring om å ”dra i vesterlei”, til Orkney, Shetland, Island og Færøyane. Men den siste øygruppa drog snart til seg heile merksemda, og det vart snart klårt at Færøyane hadde ein kunnskap og kultur knytt til sau som ville krevje ein heilt særleg innsats. 

Men den spede kimen til prosjektet såg allereie dagens lys sumaren og hausten 2005, då ein sauebonde på Færøyane skreiv, sitat:

”Jeg tror, man skal være ekspert for at se forskel på Deres Spælsau og den færøske, som du kan se på min hjemmeside http://heima.olivant.fo/~gni/Jeg har læst Dr. Stefan Aðalsteinsson's artikkel. Aðalsteinsson har engang været på Færøerne og gjort en undersøgelse af farven på de færøske får (Frequency of color genes in Faroe Islands Sheep). Det ser meget interessant ud med Spælsau på en ø, men hvor ligger øen og kan man besøge den?”

Fargane til den færøyske sauen kan sjåast ”i levande livet” over alt på dei grøne øyane – med havet i bakgrunnen. Men kan fargane nyttast? Kan fargane greitt omsetjast til bruk for oss menneskja – i eit moderande design? Fram mot årsskiftet 2005 såg Sheep-Isle eit døme på at dette er mogeleg. Det vart ein av inspirasjonskjeldene til nyttårshelsinga på færøysk!

Sidan har tinga teke fart, og det som ved årsskiftet var diffust og spanande er no omsett til røyndom – vorte eit prosjekt, men sin eigen prosjektplan, med andre ord vorte heilt konkret. Norsk Sau & Geit, med redaktør Arne Flatebø er komen med, slik at det no er eit ”fellesprojekt” mellom NSG og Sheep-Isle. Det stod tidleg klårt at me måtte setje ein person med fagleg bakgrunn på oppgåva. Ein som kunne reise til, og lage heile den tunge faglege delen av prosjektet. Valet fall heilt naturleg på Veronika Seim Bech, som det står fyljande om i prosjekt-planen:

”Som ”fotfolk og saue-kunnig” har prosjektet knytt til seg Veronika Seim Bech. Ho vart utdanna på Noregs Landbrukshøgskule i 1999 med hovudfag husdyrhald i utmark, og har mellom anna arbeidd 5 år i NSG med tema kring sau og andre beitedyr kontra rovviltproblematikk”.

Prosjektet heiter ”Sau og frendar på Føroyar”. At projektet i det heile ser dagens lys, skuldast stor entusiasme og opne armar frå menneskje på Færøyane som har sauene tett på sine liv. Naturleg nok vil det reint faglege dominere med ei rekkje artiklar i Sau & Geit og på Sheep-Isle, men det vil i tilegg bli historiske vinklingar, som til dømes Seyðabrævið lagt ut i Cyberspace! Det vert vinklingar frå Shetland og Island, men fram for alt frå Noreg, Vestkyst-Noreg. Dei historiske banda mellom Færøyane og Vestlandet har vore massive gjennom tidene.

Hovudspråka vil vere færøysk, norsk og engelsk. I dette prosjektet vil Danmark kun spele ei birolle, då her er svært lite slektskap til sau og sauehald på Færøyane. Artiklar som vedkjem Danmark direkte, til dømes om færøysk sau i Danmark, vert sjølvsagt skreve på dansk.

Til slutt vil me svært gjerne gje ein stor takk til alle som har medverka til å få prosjektet på føtene. Fyrst og fremst takk til våre ”Frendar på Føroyar”. Vidare takk til Annette Sørensen, Den Færøske Repræsentation på Nordatlantens Brygge, med råd og dåd, og ikkje minst til Nordisk Genbank Husdyr (NGH) for støtte til prosjektet.

Arne Flatebø                          Kjeld Malthe-Bruun                   Veronika Seim Bech