Sauefargar og avteikn

har me gløymt namna i Noreg?
 



Dersom du, eller nokon du kjenner, kan hjelpe til med å setje norske namn på sauer sine fargar og avteikn, oppmodar me om å ta kontakt med Gudmund på e-post gni@post.olivant.fo

eller Arne Flatebø i NSG på e-post arne.flatebo@nsg.no eller tlf 23 08 47 70 eller kmb@sheep-isle.dk


 

Færøyingane har gjennom tidene utvikla eit omfattande ordforråd og system for å skildre ulike fargevariantar dei har på sauene sine. Har me hatt tilsvarande namn på våre dyr, og har me eventuelt mista denne kunnskapen?

Fargane kvit, svart og grå dominerer i den færøyske sau, men det er også vanleg med brun, fleirfarga dyr og mange ulike avteikn.
 

Gudmund ”sauamann”
Den som har ansvaret for saueflokken vert på færøysk kalla ”seyðamann”, og Gudmund K.H. Niclasen har vore slik ”sauamann” i beiteområdet Tjørndalsegg på øya Vágar i snart 30 år. Området er kring 500 ha stort og ligg oppover i eit 574 meter høgt fjell. Saueflokken er på kring 160 søyer som går ute heile året. Sauamannen vert valt av dei tolv grunneigarane frå Miðvágs bygd, som eig flokken felles.

 
Gudmund K.H. Niclasen seier ”Eg er svært interessert i å kome i kontakt med folk i Noreg som kjenner norske namn for sauen sine fargar og avteikn” (Foto: Sheep-Isle)


Namn på fargar og avteikn
Gudmund har interessert seg for den uendelege variasjonen av fargar og avteikn som finst i færøysk sau så lenge han kan hugse. Før i tida nytta færøyingane, som oss nordmenn, skorne merkje i øyrene for å kunne skilje sauer i eigen flokk frå dyr som høyrde til naboen. Men i den daglege drifta vart det i tillegg naudsynt å kjenne kvart enkelt dyr og kunne forklare det for andre. Slik utvikla det seg eit omfattande ordforråd og system for å skildre dei ulike fargane og avteikna sauene har.
 

Plastmerka si ”bakside” 
Dei knivskorne øyremerka vert enno nytta på Færøyane, men dei fleste brukar i tillegg moderne plastmerke. Plastmerkja har den store fordelen at kvart dyr får sitt eige nummer, men alle medaljar har ei bakside. Individnummera gjer at trongen for å skildre individa nærmast er borte, og det er fare for at kunnskapen om namn på fargar og avteikn forsvinn.


Foto: sheep-Isle

 

Kunnskap om fargane 
Dette såg Gudmund, og då han fekk vervet som sauamann byrja han samstundes å samle inn og skrive ned kva nemningar som har vore nytta for sauen sine fargar og avteikn. Han har vitja dei fleste bygdene på Færøyane, og har erfart at mange av dei eldre kunnskapsrike sauekjennarane vert svært glad for at noko vil ta vare på kunnskapen. Namnsetjinga byggjer på at kvit er grunnfargen. Eit dyr vert fyrst skildra etter kva som er den domunerande farge utanom kvit, så etter avteikn med nokre reglar for kva avteikn som fyrst vert nemnd. Namna varierer litt ulike stader på Færøyane, men Gudmund har samla inn 180 hovud kategoriar av avteikn. Kombinasjonar med fargevariantane kjem i tilegg. 
   

Kjenner du norske namn på fargar og avteikn?
Sidan dei fyrste færøyingane kom frå Vestlandet er språket knytt til sauehald mykje likt det vi har. Truleg har også me i Noreg hatt ei liknande system for å skildre ulike fargevariantar hjå sau. Spørsmålet er om færre farga sauer og lenger bruk av plastmerkjer gjer at me allereie har mista mykje av denne kunnskapen.

Gudmund er svært interessert i å kome i kontakt med folk i Noreg som kjenner dei norske namna for sauen sine fargar og avteikn. Kanskje kan kunnskapen samlast i ei bok?  

Veronika Seim Bech
veronikaseim@yahoo.co.uk

 
Vitja:
http://heima.olivant.fo/~gni/
 

Retur