![]() |
|
|
Introduksjon
av Sheep-Isle Ei usynleg kjede av fjell går under havet mellom dei nordatlantiske øyane
Orknøyane, Fair-Isle, Shetland, Færøyane og Island. Nokre stader er
havet si overflate broten og land er synleg – dei landa som er nemnt
over. Sau knyter dei alle til kvarandre. Den Nordatlantiske korthale sauen
er synleg alle stader i menger som langt overgår tal på menneske! I år set Sheep-Isle søkjelys på Færøyane i ein serie kalla ”Sau
og frendar på Færøyar”. Denne artikkelen er ei helsing frå
sauehaldarane på North Ronaldsøy til alle sauehaldarar på Færøyane. I 1978 skreiv Stefan Adalsteinsson: ”Gena for fargar som er funne i
færøysk sau er dei same som gena funne i sau på Orknøyane, noko som
indikerer eit relativt tett slektskap mellom dei to populasjonane”. (”Color genes in Denne artikkelen er ei forteljing av ein dansk gjetar, Berit Killerich,
som vitja North Ronaldsøy for andre gong i mars 2006. Her kjem Berit sin
artikkel frå ei lita øy, der forholdet mellom sau og menneske er 3000
til 60!
North
Ronaldsøy opphavlege sau, på kanten av havet Sheep-Isle vil takke June Morris og Peter Donnerly for bileta. |
||
North Ronaldsøy er den nordlegaste øya på Orknøyane, kring Tang På øya er det ein svært spesiell sau som hovudsakleg et tang. Rasen
heiter North Ronaldsøy opphavlege sau. Ein trur dei har levd på øya
sidan før vikingalderen. På fastlandet Orknøy, på Scara Brae, har det
vorte grave opp bein frå jernalderen som er svært like dagens sau. Dei
beita heile året gjennom, over heile øya på det såkalla fellesarealet.
Om vinteren fekk dei godt fôr i strandkanten ved å ete tang. Sakte,
gjennom tusenvis av år, utvikla dei seg til det dei er i dag – truleg
den mest hardføre flokken som eksisterer i det nordatlantiske området. Dei jamlege stormane skyl store mengder tang på land. Etter ein storm
kan du sjå flokkar av ”opphavlege” som nyt å tyggje drøv. Med deira
ulike jordfargar, går dei ekstremt godt i eitt med dei steinete strendene.
Vintertid betyr jamlege stormar, som betyr godt fôr for dei
”opphavlege” – til og med slaktinga skjer om vinteren.
|
||
|
||
The Drystone Dyke
(Steindiket) Tiåret 1830 – 39 var eit svært viktig tiår på North Ronaldsøy.
Delevis på grunn av at Saue-steindiket (”the sheep dyke”) vart bygd,
delvis på grunn av at reglementet mellom adelsmenn og leigetakarane, den
såkalla Jordfordelinga (”Landsquaring”) vart innførd. Sidan den gong
har mange reglement sett dagens lys. Dei fyrste reglementa opna opp for
det meir verdifulle kveget. Den opphavlege sauen vart kasta ut av
steindiket og har sidan då levd i strandsona, med berre tang å ete,
bortsett frå i ein kort lammeperiode seint om våren. Paradoksalt nok
redda steindiket den opphavlege sauen frå utrydding! Deira forsvinning
andre stader på Orknøyane skuldast kryssing med større rasar som Merino
og Sjeviot for å betre storleiken på kroppen og ull-produksjonen –
akkurat same historia som i dei skandinaviske landa. Men utanfor diket
overlevde den opphavlege sauen! Skildring av rasen Sauen på North Ronaldsøy høyrer
til den nordiske gruppa av korthale sau. Dei har alle fargane og
avteikningane som er typisk for denne sauegruppa. Sauen har dobbel ull, med ei svært
rett dekkull og ekstremt fin og mjuk botnull. |
||
|
||
Den opphavlege sauen på North Ronaldsøy er sky,
liten og svært lettbeint. Om dei vert trua er dei i stand til å flykte
svært raskt på dei glatte steinane i fjørekanten! Dei har eit relativt
svakt flokkinstinkt. Søyene vert samla lenger inne på land gjennom lammingsperioden i
april. For desse kvikke sauene er lamminga verkeleg lett, og
morsinstinktet er svært godt. Bøndene ynskjer eit lam. Dersom ei søye får to lam, vert eit av dei
avliva. Inne i steindiket er der små inngjerda område med beitegras der
søye og lam lever meir beskytta. Før dei vert plassert utanfor diket
igjen i juli, vert lamma øyremerka. I 1881 var det 587 innbyggjarar på North Ronaldsøy. Den gong var
landbruk absolutt naudsynt for det daglege liv på øya. I dag bur det 60
menneske på øya, og til samanlikning 3000 sauer! I fellesflokken er dei
delt i søyer, vêrar og kastrat. Dei fleste vêrlamma vert kastrer og
lever som kastrat til dei er 3 – 5 år gamle. Slik vil dei sakte oppnå
mørkt farga kjøt – klar for slakting! Gourmet Ein slakta vêr veg kring Tradisjonar
|
||
|
||
Klypping av dei ”opphavlege” skjer for hand med
kniv på ny måne i juli eller byrjinga av august. Maskinklypping har
aldri vorte populær, truleg fordi maskina kuttar for nært skinnet, slik
at sauen vert utan vern i dei kalde og vindfulle regnbyene som kjem inn frå
havet. Innhaldet av lanolin i ulla er svært høg. Ved handklypping med
kniv vil det stå att 3- Felles landbruk Alle menneska som bur på North
Ronaldsøy kan halde sau i den felles flokken utanfor diket. Ei lov kalla
N. R. opphavleg sau reglement (”N. R. Native Sheep Regulation”) seier
kor mange søyer kvar sauehaldar har lov til å ha. Alle deltek når
sauene vert samla. |
||
|
||
Denne handlinga kalla ”punding” er kanskje ein av
dei siste attverande elementa av felles landbruk på Orknøyane. Liknande
system har vore brukt på Shetland, Færøyane og Island. På North Ronaldsøy er sauehaldarane klar over dagens farar som ei
mogeleg oljekatastrofe eller ein smittsam
sauesjukdom. Ull av høg kvalitet! North Ronaldsøy garn-kompani (”North Ronaldsay Yarn Company”) har
nyleg starta eit lite spinneri støtta av EEC fond. Hovuddelen av den
naturleg farga, rå ulla vert laga om til herleg ull for strikking og
veving. Ved hjelp av ei ”dehåringsmaskin”, som er i stand til å selektere
ut den ytre, lengre og grovare ulla og dyrehåra frå botnulla, vil den
sistnemnde komme ut i ein eksepsjonell mjuk kvalitet. North Ronaldsøy opphavleg sau – ein klassisk kulturarv I vår tid når intensiv produksjon og standardisering er alfa og omega,
er dei ein kontrast å vitje North Ronaldsøy og observere kor nært sau
og menneske lever på naturen, på North Ronaldsøy – og havet. |
||
|
||
I klart vêr kan ein
sjå fyrtårnet på North Ronaldsøy så langt borte frå som på Fair
Isle
|
||
|
||
Besøk North Ronaldsøy opphavlege sauer og deira klauvgang på: |
||
www.northernlace.co.uk Strikking med ull frå North Ronaldsøy. www.sheep-isle.dk North Ronaldsøy opphavlege sau – ein historiske introduksjon. www.lystbaekgaard.dk Gardsturisme, sjå nordiske sauer levande og smidige. |
||
|
||
|
||
|