Kongsbønder med eiga øy


Lükka og Bjørn Patursson, kongsbøndene på Koltur (Foto: Thomas Bech)  

Øya Koltur er den minste av dei busette øyane på Færøyane, kun 2,5 km2 og veglaus. Øya er full av rikdomar som kongsbøndene Lükka og Bjørn Patursson veit å nytte. Saman med 170 sauer, 30 storfe, hund og høner lever dei eit fredleg liv i pakt med naturen, er samfunnsengasjert og tek gjestfritt i mot alle som vil oppleva deira idylliske rike.  

Ved sida av husdyrhaldet har familien Patursson også inntekt frå turisme. Som dei einaste på Færøyane driv dei økologisk. Søyene går i utmarka året rundt og klarar seg for det meste sjølve. Koltur er, på grunn av terrenget, naturleg delt i to beiteområde, to ”haugar” på færøysk, ein i nord og ein i den sørlege delen av øya.  


Vêrane går inngjerda mens dei ventar på desember då dei slepp ut til søyene i utmarka (Foto: Thomas Bech)  

 

Utmarksbeite heile året
Eit steingjerde skil ei nedre utmark, der storfeet beitar, frå dei to utmarkene som sauene nyttar. Sauene får tilgang til innmarka i vinterhalvåret, men vert stengd ute ein gong i mai, slik at slåttegras får veksa. Gravplassen med steingjerdet kring, er lagd eit lite stykkje over garden for ikkje å ta plass på dyrkbar mark. Innmarka vert hausta ein gong og lagt i rundballar på 50 kg. Fôret går til storfeet i vintermånadane, vêrane medan dei går heime på garden og eventuelt til sjuke søyer som ein sjeldan gang vert tekne heim i fjøset.

Den største tapsårsaka er at dyr fell ut frå fjellhyllene, noko som særleg førekjem tidleg om våren når det fyrste friske og freistande graset kjem på slike plasser. Ravn kan vere ein trussel mot små lam, men det går bra så lenge søyene er i god form slik at dei kan forsvare lamma sine. Tapa er nede på mellom 0 og 6 dyr pr. år av ein flokk på ca 350 søyer og lam.

 

Avl med prevensjon
På Koltur brukar dei 6 eller 7 vêrlam til 170 søyer. Vêrane vert haldne på eit inngjerda heimebeite og eventuelt sett inn i november for å unngå at dei stikk av. Om hausten får dei noko tilleggsfôr slik at dei har litt å gå på til paringa. Vêrlamma slepp ut til søyene i byrjinga av desember. Når paringa er over i januar vert vêrane henta inn att frå utmarka, men det kan vera strevsamt å få alle med heim.

Skilnad i kvalitet på dei to beiteområda gjer at gimrar som går i den nordlege ”hauge” ikkje vert para, medan dei som går på den sørlege delen av øya får lam allereie som eittåringar. Metoden, som er vanleg over heile Færøyane for å unngå lam i gimrar, er å sy eit stykkje stoff fast i ulla over bakdelen på lamma.

Generelt er det forbod mot å transportere sauer mellom øyane for å redusere spreiing av smitte, t.d. scrapie, men sidan Koltur er ei øy med berre ein buskap kan Lükka og Bjørn likevel få løyve til å ta inn nye avlsdyr etter søknad til Landsstyrelsen.
   


Den søraustlige spissen av Koltur med Hestur i bakgrunnen (Foto: Thomas Bech)

 

Orm, men ikkje lammingsvanskar
Sidan Lükka og Bjørn driv økologisk skal medisinbruk ”behovsprøvast”. Dersom dyrlækjaren gjev pålegg om medisinering, noko som har vore naudsynt kvart år, vert heile flokken samla og behandla mot snyltarar, vaksinert mot bråsott og dysenteri kring 12. april.                      Lamminga byrjar i slutten av april og søyene har svært lite lammingsvanskar. Lükka og Bjørn brukar likevel forholdsvis mykje tid på å gå tilsyn i denne tida for å ha god oversikt over korleis det står til. Tidlegare vart lam merka i øyro ved hjelp av kniv, men sidan dei er åleine om å ha sau på øya har dei slutta med merking av lamma.

 
Ulla lite verdt
Sauene vert samla og klypte i slutten av juni. Prisen for ulla er dårleg, så det viktigaste er å få ulla av sauene. Mange stader vert ulla brend, men paret på Koltur vil helst at den skal nyttast og sel til den som gjev best pris, sjølv om betalinga knapt nok dekker frakta. Samtidig med klypping får lamma medisin mot bråsott og dysenteri.
 

Den store sauedugnaden
Uttak av livdyr og slaktinga skjer i midten av oktober og er ei stor hending, der kring 20 familiemedlemmar og vener kjem for å hjelpe til. Den fyrste dagen vert alle sauene sanka og livdyr skild ut og klypte.

Sidan utmarka er delt i to ”hauge” vert det teke omsyn til kvar dyra høyrer til slik at passeleg mange lam vert sett på til kvart område. Sorteringa skjer i to omgongar så ein er sikker på å få sett på dei beste lamma. Lam som skal bli avlsdyr vert merka med plastmerke. Det er viktig at livlamma slepp ut frå samlekvea samtidig med mødrene, slik at dei finn tilbake til den gruppa og det beiteområdet dei høyrer til. 

Omset alt kjøtet sjølve
Slaktevekta for lam ligg kring 18-20 kg og det vert i snitt slakta om lag eitt lam pr. søye, dvs. 170 lam.

Dyra vert slakta med ulla på og skinna ligg tre veker i salt før dei er klar for sal. Skinna gjev heller ikkje overskot, men som med ulla kjennest det betre å selje dei enn at dei vert brende.

Sal av kjøtet skjer utelukkande på den private marknaden. Marknadsføring treng dei ikkje bruke ressursar på, då Lükka og Bjørn har mange faste kundar, samt ei lang venteliste. Prisen for sauekjøtet er 52 kr pr. kg, før moms. Dei fleste av kundane vil at slakteskrotten skal henge til tørk på Koltur, fordi det gjev ein ekstra god smak. Omkring 1/3 av skrottane heng ei til to veker og ca 2/3 heng helt til desember. Avhengig av kor lenge kjøtet heng vert det ulike produkt frå ”ferskt-”, ”rast-”, ”tørt-” til ”skjerpikjøt”.

Familien på Koltur ynskjer å nytte alt på dyret, så dei held i hevd tradisjonane med å lage blodpølser, smalahove osv. Smalehovud er enno ein populær rett. Innmaten er det derimot vanskelegare å få omsetnad på.


Skotsk høglandsfe på Koltur (Foto: Thomas Bech)
 

Skotsk høglandsfe
I tillegg til sauen har Lükka og Bjørn ammekyr av rasen skotsk høglandsfe. Dei importerte 12 kyr og to oksar til Færøyane i 1999. Valet fall på denne rasen fordi dei er nøysame, kan gå ute heile året og høver til den ekstensive driftsforma på Koltur. Dyra er dessutan godlynte og ein populær attraksjon for turistar. Det tek 28 månadar å få kalvane slaktemodne, og det er difor tre generasjonar skotsk høglandsfe, ca. 30 dyr, på Koltur til ei kvar tid. Noko av kjøtet vert seld privat, men storparten vert til eksklusiv hovudrett på Hotell Færøyar i Torshavn sin meny.
 

Politisk engasjert
Bjørn Patursson er aktiv innan landbrukspolitikk og har vore leiar i Bondefelaget på Færøyane sidan 1996. Laget vart stifta i 1957 av festebønder på kongsjord, men opna i 1980-åra for at også bønder med privateigd jord kunne vere medlem på vilkår av at dei er ”bønder som har landbruk som sitt hovudyrke”. I dag har Bondefelaget kring 100 medlemmar og inntektene kjem frå medlemsavgifta, samt litt offentleg støtte.

Bjørn meinar den viktigaste oppgåve Bondefelaget har er å verne og forhandle om medlemane sitt inntektsgrunnlag, rettar og å overvake det som rører seg på politisk plan. Akkurat no er han med i eit utval som reviderer festelova. Oppgåva er å tilpasse den gamle lova til dagens krav om gardsdrift og gruppa skal kome med eit forslag til framtidig landbrukspolitikk på Færøyane. Oðelsfelaget, systerorganisasjonen til Bondefelaget, med mange småbrukarar som medlemar, har også ein i utvalet. Arbeidet er stort og viktig, som ei ny landbruksreform, og forslaget vert truleg lagt fram i år.

Bjørn meinar politikarane har fått ei meir positiv innstilling til landbruket dei siste åra, og føler at det nyttar å engasjere seg.

- Dersom det skal vere landbruk på Færøyane i framtida, må næringa gjevast like gode vilkår som anna næringsverksemd. Den beste løysninga ville vore å privatisere landsjorda, men det har eg ikkje politisk støtte for i denne runden, seier han.


Koltur med Streymøy i bakgrunnen og Hestur til høgre (Foto: Thomas Bech)

 

Livet på Koltur
Lükka og Bjørn Patursson har fått utarbeid ein eigen visjon som fortel kva utvikling ein ønskjer for øya. Visjonen inneheld idear til korleis ein skal byggje opp att øya og gje den nytt liv, samtidig som dei antikvariske og kulturhistoriske verdiane vert ivaretekne.  

Framtidstankane for Koltur er utforma saman med interessegrupper for øya og fagfolk på området. Lükka og Bjørn Patursson ynskjer også å gjera øya meir tilgjengeleg for vitjande.

Koltur er langstrakt og skrånar oppover det 477 m høge fjellet Kolturshamar som stuper loddrett ned i havet mot nordvest. Den sydlege delen er forholdsvis flat, og øya har sitt lågaste punkt omkring midten.


Klassisk silhuett av Koltur sett frå Streymøy (Foto: Sheep-Isle)

 

Eigen visjon
Vert visjonen verkeleg vil øya kunne få mykje å seie, ikkje berre i færøysk samanheng, men også for den nordiske utviklingshistoria. Då vil ein kunne få sjå alle delane saman; frå båtstøa og nausta, til bustadhusa, korntørkene, oppbevaringshus, kvanngardar, også utanfor gardane; kvegbeita, åkrane, grasmarkene, steingjerda og utmarka. Bjørn har også ein draum om å kunne bruke den gamle bygda til bevaring av færøyske husdyrrasar. Alt på øya, med storslått natur, rikt fugleliv og blomsterflora er heilskapleg bevart fram til vår tid. Ein tur til dette riket, der sauen har prega naturen over 1000 år og vertskapet er eit gjestfritt og jordnært folk, er ei stor oppleving.
 
 

Gamalt åkerland og beite
Lite modernisering i gardsdrifta i seinare tid gjer at gardane og øya i dag gjev eit særskilt godt bilete av eldre færøysk kultur og samfunn. Det oppdyrka arealet innafor steingjerda er etter høva stort med 120 mål, og delt i smale teigar som av omsyn til vatnet følgjer det skrånande terrenget. Ein vesentleg del av dette er gamalt åkerland for korndyrking og utgjer det største ivaretekne åkerlandskap som er att på Færøyane i dag. Utanfor steingjerda ligg den viktige utmarka, og heile øya vitnar om tidlegare generasjonar sitt harde arbeid for å få mest mogeleg ut av jorda i eit landbruk utan mekaniske hjelpemiddel.

Sauehaldet heldt fram dei åra øya låg ubebudd, så det er grunn til å tru at sauen har vore på Koltur samanhengande i minst tusen år. 
 

 
Utflyttargarden ”Norðri i Gerði” der Lükka og Bjørn bur (Foto: Thomas Bech)

 

Busetjing og fråflytting 
Sidan dei fyrste menneskja sette sine føter her har jorda og fiske frå open båt vore grunnlaget for busetjinga på Koltur. Øya var biskopen i Kirkjubø sin eigedom frå middelalderen heilt fram til reformasjonen, og i Jordboka frå 1584 er det ført opp to gardar som begge er kongsgardar, dvs. ein del av den danske kongens krongods.

Ettersom øya er veglaus og det oftast ikkje er mogeleg å leggja til dei bratte klippane med båt i vintermånadane, gjekk samfunnsutviklinga frå gardsdrifta på slutten av førre århundre. Festekontrakten vart til slutt levert inn til Jordbruksfondet og øya vart fråflytta i 1990. Husa låg så tomme, og det var utegangarsauene, fuglane og spøkelsa som regjerte på øya fram til ekteparet Lükka og Bjørn Patursson tok over i 1994.

 

Turisme
Då Koltur har gamle bygningar av historisk verdi, ein fantastisk natur med rikt plante og fugleliv, samt ei fin strand, eignar øya seg til turisme. Ikkje nokon annan stad på Færøyane finn ein eit like urørt og rikt kulturlandskap frå stand til fjell som her. På grunn av at det ikkje er rovdyr på øya, ikkje ein gong rotter eller mus, er fuglane heller ikkje redd folk. 

Fram til no har turistane hovudsakleg vore færøyingar og oftast grupper med 20-30 personar på dagstur. Då er Bjørn guide og fortel om det gamle bondesamfunnet og bygningane på øya og Lükka serverer tradisjonsmat, som er særleg populær.
 

Restaurering kostar
Sidan bygningane på Koltur er verna er det krav om at Lükka og Bjørn skal restaurere og vedlikehalde alle husa på øya. Restaurering og vedlikehald av t.d. gamle torvtak er arbeidsamt og kostbart, og det har ikkje fylgt noko økonomisk stønad med vernekravet. - Kun plikter og truslar duger ikkje som god politikk, seier Bjørn, og legg til at det heller ikkje er mogeleg å hente pengar frå tilleggsarbeid når ein bur på ein stad som Koltur. - Heldigvis har landbruksministeren, no nyleg, teke ansvar og gjeve litt økonomisk fyrstehjelp til restaurering, etter at me har hatt ansvaret her i 11 år, fortel Bjørn. 


 Jonheðin Trondheim og Veronika Seim Bech nyt Lükka og Bjørn sine spesialitetar frå Koltur (Foto: Thomas Bech)  

 
Livet på ei ”aude” øy

I vintermånadane er helikopter det einaste transportmiddel til og frå øya, men dette går heldigvis i fast rute 3 gonger i veka, - om vêret er bra. I sommarmånadane, frå byrjinga av mai til oktober, køyrer Lükka og Bjørn med eigen båt når vêret tillet det. Dei to døtrene til Lükka og Bjørn og barnebarna er ofte på besøk.

Litt varsamt spør vi korleis det er å bu på ei så avsidesliggjande og aude øy. Men det er ikkje tvil om at Lükka og Bjørn trivest på Koltur.

- Det var vårt eige val å flytte ut her, og me hadde ikkje for høge forventningar, difor trivst me. Og så lenge visjonen står klar framfor oss og me er friske er det berre og stå på, seier Bjørn.

- Ja, alt er bra her, smiler Lukka, som har vore vêrfast åleine på øya i 14 dagar i strekk. Då gjeld det å ikkje vere mørkeredd, for rykta seier at det er 26 gjenferd på øya.

På direkte spørsmål om kva som er verst med å bu her, kjem det frå Bjørn: - Det regnar vel mykje, men slik er situasjonen lik for oss alle på Færøyane. Og så er det nokre gonger umogeleg å kome seg til møter på grunn av vêret. Det tyngste er at det tek mykje lenger tid å få realisert alle prosjekta og draumane me har for Koltur, enn me hadde sett føre oss då me tok over, seier Lükka og Bjørn.

Veronika Seim Bech

veronikaseim@yahoo.co.uk

 

Du kan lese meir om Koltur (prøv deg på færøysk eller velg dansk), samt kontakte familien Patursson via nettstaden  www.koltur.com