![]() |
|
|
I
dette nummeret av bladet vitjar vi Færøyane. Øyane som ligg langt vest
i havet for Noreg. Det er tidlegare NSG-medarbeidar Veronika Seim Bech
som har vore vår utsending til ”saueøyane”. Sauehaldet
på Færøyane har mykje til felles med slik vi dreiv vårt sauehald, og
delvis også driv i dag, langs norskekysten. Og sauerasen minnar også om
våre gamle spælsaurasar. Norsk Sau og Geit har
i dag over 20 sauehaldarar frå Færøyane som abonnerer på Sau og Geit.
Vi vonar at fleire kan sjå seg tent med å lesa medlemsbladet vårt, og
tar gjerne imot fleire abonnentar frå Færøyane. Det blir fleire artiklar frå Færøyane i dei blada som kjem seinare i år. Du vil også finne meir om saueholdet på Færøyane på www.sheep-isle.dk Fakta
om Færøyane Øyar:
18 stk, 17 av dei er busette Areal:
1400 km² Avstandar:
113 km langt, og 75 km breitt Kystlinje:
1100 km Høgaste
fjell: 882 m.o.h. Folketal:
48.300 Språk:
færøysk Religion:
evangelisk luthersk folkekyrkje Styreform:
sjølvstendig styrande del av det danske kongeriket. Ikkje medlem av EU Færøyane – 18
saueøyar rett vest Veronika
Seim Bech På Europakartet er Færøyane ein prikk mellom Storbritannia og Island, på høgde med Trondheim. Men ser du nærare på dei 18 øyane ute i havet finn du flate enger, grasdekte lier, bratte fjell, eit gjestfritt folk og sau - mange sauer, alle stader.
”Fær”
er det gamle nordiske ordet for sau, og namnet ”saueøyane” høver
like godt i dag som den gong dei fyrste vestlendingane kom hit. Færøyske
frendar Er
du saueinteressert vestlending og vitjar Færøyane i dag, vil du oppleve
at dei fleste orda knytt til snakk om sau er fullt forståelege, og at ein
samtale med ein tilsvarande saueinteressert færøying går godt så lenge
de ikkje vert for entusiastiske og snakkar for fort.
Utan
sau hadde det neppe vore mogeleg for menneskja å busetje seg på desse øyane.
Kjøtet og ulla har vore avgjerande for å få mat, sko og tøy. Fisk,
fugl og kval har vore viktige matkjelder, men fangstmoglegheitene varierte
med været. Det var livsfarleg å klatre i fuglefjella eller legge frå og
til dei bratte klippane med båt når det blæs eller var bøljer.
Færøyingane har hatt vestleg levestandard i lang tid, men dei
held på kulturen og fortset med mellom anna sauehald. Talet på sau har
vore stabilt sidan middelalderen.
Gunnar Bjarnason, i Færøyanes Landbruksfond, meinar
rasen stammar frå sauene som kom til øyane for meir enn 1000 år sidan,
og at den genetiske påverknaden utanfrå har vore minimal. Ei historie
fortel at det vart importert dyr frå Shetland til dei sørlege øyane og
frå Island til dei nordlege øyane, etter ein sjukdom kalla Svarta-Fedli
som nærast utrydda all sau på slutten
av 1500-talet. Det vert også fortalt at dei siste individa av den
opphavlege rasen vart skotne på den aude og svært vanskeleg
tilgjengelege øya Litla Dimun kring 1850. Desse dyra hadde levd lenge på
øya som nesten ville, var svarte, mindre enn dagens sauer og likna geiter.
Tre eksemplar står utstoppa på historisk museum i Torshavn. Men
Bjarnason meinar desse sauene var vortne små og svarte fordi dei hadde
levd vilt lenge og fordi dei kvite sauene har litt dårlegare reproduksjon. 70.000
vinterbeita søyer Sauetalet
har vore konstant i hundrevis av år, men ekspertar meinar at beitetrykket
er i overkant i høve til beitegrunnlaget. Samtidig er saueeigarane
medvitne om at kjøtproduksjonen går ned dersom det er for mange sau i
utmarka og at maksimalt utbyte av kjøt balanserer på ei slik grense for
tal dyr. Det
færøyske sauehaldet er ekstensivt, baserer seg på ein hardfør rase som
skal vere mest mogleg sjølvhjelpen. Og driftsforma i utmarka er omtrent
den same som gjeve i 1298 med ”Seyðabrevið” (sauebrevet), eit
lovverk frå hertug Håkon Magnusson, seinare konge i Noreg.
Innmark
og utmark
Gull
går opp i røyk I dag er prisen for ulla så dårleg at det meste av
”gullet” vert brunne. Mange stader vert ulla lagt i store haugar i
strandkanten, får ei kanne diesel og brenn med ei svart røyksøyle som
stig mot himmelen. Før sauene skal samlast i kvea neste gong har havet
vaska vekk dei siste forkulla restane.
Det er likevel håp om at ull kjem til si ære
framover. Strikka og vevde plagg av ull er ein viktig del av kulturen. Ved
høgtid og fest kjem folk kledd i ull i alle fargar, og mellom dei unge
har det igjen vorte populært med den tradisjonelle færøyske festdrakta. Slakting
heime og direktesal
Bonden får gjerne 52 kr kiloen, før moms, for sauekjøtet.
Færøyingar er dessutan opptekne av at smak og kvalitet varierer mellom
beita og med handsaminga av slaktet, og gjev gjerne ekstra høg pris for
kjøt frå særlege beite. 33
kg kjøt per pers. per år Utviklinga
i nyare tid Ut
frå eit ynskje om å vere mest mogeleg sjølvforsynt, vert det gjeve
offentleg støtte til nydyrking. Sjølv om anna næringsverksemd, særleg
fiske og fiskeoppdrett, har vorte langt viktigare næring enn landbruket,
kan ein likevel seie at utviklinga i landbruket generelt er god med
modernisering og nydyrking på dei store gardane. I sauehaldet er det berre nokre få gardbrukarar som
er heiltidsbønder. Langt dei fleste er deltidsbønder, og i fylje
Patursson svært tradisjonsbundne og engasjerte. Det har vore gjord forsøk
på å slå små odelsjordeigedomar saman til større gardar. Men dette
har synt seg vanskeleg då det er svært attraktivt å eige litt innmark,
fordi dette gjev rettar i utmarka og dermed også del i fellesskapet kring
sauehaldet. ”Sauesjuka”
Interessa og engasjementet for sau minner ikkje så
reint lite om dei ein finn blant sauebønder heime i Noreg, og
fellesskapet om utmarksrettane har nok liknande verdi for bygder på Færøyane
som fellesskapet om haustjakta har i mange norske bygder. Ein saueeigar i Torshavn, Jonheðin Trondheim, sa med
eit stort smil om si saueinteresse: ”Eg
har sauesjuka. Det er ein smittsam, uhelbredeleg sjukdom”.
Veronika Seim Bech |
||
|
||
|