Litt om Gamalnorsk sau – "Villsau" av Lars Erling Horgen

Villsauen har vore på randen til å dø ut fleire gangar då stamma var krympa inn til truleg under 2000 vaksne dyr. Ein gong på byrjinga av 1950 talet var stamma så liten at fylkeslandbrukssjef Paul Moberg tok tak i problemet, og starta Selbjørn villsaulag, som hadde til formål å ta vare på villsaustamma i Austevoll. Storparten av villsauene var på denne tida konsentrert i Austevoll.

Denne redningsaksjonen frå Paul Moberg og villsaueigarar i Austevoll er etter min meining ein av grunnane til at vi kan jobba vidare med denne spennande sauen. På 1980 talet vart det frå Selbjørn villsaulag bedt om hjelp til endå ein gang redda villsauen, då interessa til å halda villsau ,og forgubbing blant eigarane, gjorde at stamma var i fare, der freding av sauen kunne vera eit av tiltaka som måtte til. Mange grunnar gjorde at det var vanskeleg å halda villsau, nemner i stikkordsform, produksjonstillegg, klassingsreglar, dyrevernslov, hanndyrlov, liten stamme, haldning i landbrukets organisasjonar .m.m.

Det vart etter dette teke tak i utfordringa frå landbrukskontoret i Austevoll, som etterkvart fekk god hjelp av Austevoll kommune, småfefondet og ikkje minst media, til å koma så langt at det var fleire som vart interessert i denne unike sauen.

Fylkeslandbrukssjef Steinar Bø formidla kontakt mellom Handelshøgskulen i Bergen og landbrukskontoret i Austevoll, der vi fekk i gang eit prosjekt på og for sauen. Prosjektet konkluderte med at det var mogeleg å driva konvensjonelt med denne sauen, dersom ein fann ein måte å få seld kjøtet på som gav betre betaling enn slakteria.

For å koma vidare vart det såleis starta eit landsomfattande lag som hadde som hovudmål å ta vare på villsauen. Det har etter kvart vist seg at Villsauen har ein større utbredelse enn det ein var klar over, men konsentrasjonen ligg på kysten i Hordaland og Sør Trøndelag.

Då vi starta Norsk Villsaulag rekna vi med at det var ca. 2000 dyr i Noreg, medan dyretalet har eksplodert og ligg i dag på over 30.000.

Norsk villsaulag vart til Norsk villsaulag B/A, som tilsette produktsjef for å ta seg av salet for laget. Dette har vist seg å vera ein framifrå måte å organisera tiltaket på og me kan sjå attende på ei framgangsrik tid, der saueeigarane som er medlemar i laget har fått garantert pris for innlevert kjøt. Dette prosjektet har vist at det nytter å tenkja nytt og noko utradisjonelt, og kanskje vera noko før si tid. Det har ikkje vore nokon lett veg å gå, men når resultatet er godt hugsar ein ikkje dei vanskelege stundene, og den hånlatter som var når ein snakka om villsau for 10 til 15 år sidan har lagt seg. Hadde det ikkje vore for at vi hadde gode medhjelparar i produktsjef og prosjektkoordinator, media og ikkje minst Landbruksdepartement, trur eg vi ville hatt store problem med å koma så langt som vi har gjort.

Eg har drevet med villsau i over 25 år og finner denne sauen meir og meir fascinerande, og vert meir og meir klar over at vi har foredla oss bort frå svært mange gode eigenskapar hos den vanlege sauen.

Villsauen er unik på mange områder slik at det er utruleg spanande å fylgja med denne i dei forskjellige årstider. Den mest spanande tida er sjølvsagt våren og under lemminga.

Det er godt gjort at denne sauen som ikkje får tilleggsfor i det heile greier seg så godt på dei skrinne beite som det er på desse øyane på vestlandet og kanskje særleg her i Austevoll, der vi no skal til Horgo.

Drifta på Horgo

Horgo er ei øy som er fråflytta og der det står att godt vedlikehaldne hus, som berre vert nytta som fritidshus. Øya ligg heilt ut mot havet og er godt besøkt av båtturristar, særleg frå Bergenskanten, men også oversjøiske besøk. Øya er på ca. 2000 da. Og det er beite til ca. 130 – 150 overvintra dyr. Beitet består av 80% lyng og brake, resten er gamal grasmark (innmark) Det vert ikkje tilført gjødsel. I tillegg beitar sauen i fjæra på tang og tare, som er eit svært viktig mineraltilskot heile året, men gjerne mest haust og vinter. Horgo er etter min meining heilt ideell for villsauen og dennes egenskaper, eller kanskje det er sauen som er ideell til Horgo??

Lammingstid

For saueeigarar flest er våren og lammingstida ei travel tid der ein mest bur i fjøsen for å hjelpa til med lamminga, vi må nesten inn i sauen å henta dei, vi snur og dreg for å få dei levande ut og for å redda sauen. Det er ikkje slik det skal vera er det vel. Nei med villsauen er det heldigvis ikkje slik.

På Horgo går som sagt sauene ute heile året, og det er lagt vekt på at dei skal greia seg sjølv mest mogeleg. Vi prøver likevel så langt det er mogeleg å halda oss til lovar og reglar.

Likevel meiner eg at dette med å passe på sauen når den lammar er missfôrstått dyrevern, for det viser seg at villsauen gjer det på sin måte uansett kva vi prøver på. Så skal ein sjå etter sauen i lammingstida må ein fara varsamt fram og halda seg på avstand. No skal sauen ha det roleg!!!

 

Adferd ved lamming

Det ser ut for at morsinstinktet er så sterkt at om vi går inn og forstyrrar sauene i lammingstida så gjer vi noko fundamentalt galt. Det er heilt naturleg at villsauen går i små flokkar om våren og at verane er støytt ut av flokken og som gjerne samlar seg i eigne små flokkar.

Når lemming nærmar seg hos eit av dyra i flokken, trekkjer dette dyret seg unna og gjøymer seg bort under ein stor stein eller brake, helst i sørhelling, der det er lunt, tørt og varmt. Her kjem lammet til verda og sauen går ikkje attende til flokken att, før etter nokre dagar, no kjenner lammet mora godt, og mora har fått "skikk" på lammet slik at det følgjer mora, som er ein nødvendigheit for at lammet skal leva opp.. Dette kan ha mange årsaker, men ein av dei viktigaste årsakene er at om ein ungsau hadde lamma i nærleiken av flokken, er det stor fare for at ledarsauen i flokken hadde overteke morsrolla, serleg dersom ho ikkje hadde lam frå før sjølv. Ei anna årsak er at rovfuglar som det er ein del av i området, ikkje skal få tak i det heilt nyfødde lammet. Mora greier no å halda lammet heilt inn til seg heile tida, og dette gjer at andre sauer og rovdyr ikkje får tak i lammet. Slik stikk den eine sauen etter den andre av frå flokken for å lamma, og kjem attende til den same flokken etter nokre dagar.

Villsauen er ein god mjølkesau og lamma veks derfor svært fort den første tida, og har ingen vanskar med å følgja dei vaksne dyra etter nokre dagar, sjølv i ulendt terreng.

Etter lamming flokkar sauen seg på normalt vis att og går sin daglege ruter, der dei er ei fast tid på døgeret i utmark, ei anna tid på innmark og litt ved sjøkanten og et tang og tare. Rutene er så faste at det nesten er mogeleg å stilla klokka etter dei. Kvar flokk har sin rutine, slik at ein flokk kan nytta innmark på dagtid og ein annan om kvelden. Desse rutene ser ut til å vera forskjellig etter årstida, med meir vekt på innmarksbeite om våren enn om vinteren.

Sanking

På Horgo sankar vi sauen to gangar i året – Juni ca. 24. sankar vi sauene for å merka lamma og klippa sauene. Vi er særs årvakne for sauer som ikkje har lam og for sauer som ikkje slepp ulla. Hausten Sept. Okt. sankar vi sauene for å ta ut slakt og livdyr samt sauer som er gamle og, eller har andre skavanker.

Når vi tek ut livdyr er det for oss viktig at utvalet vert gjort på naturen og sauen sitt premiss så langt vi forstår denne då. Vi legg vekt på at vårt utval ikkje aukar eller minkar størrelsen på dyra då størrelsen på dyra i den flokken vi har, er naturleg bestemt ved naturleg utval i mange tusen år.

Vi fornyar flokken med ca. 5 til 10% i året, villsauen produserer godt i 10 til 15 år slik at utskiftinga ikkje treng vera større.

Paring

Verane får lov til å gå i ca. 2 år før dei vert skifta ut med nye frå andre flokkar i Austevoll, vi har ca. 1 ver på 20 sauer. Verane går ute saman med sauene heile året, slik at paringstid og dermed lammingstid vert bestemt naturleg. Dette går heilt fint, men krev at vi greier å nytta naturen sine premisser ved utval av sau som skal få vera på Horgo. For tidleg lemming vert ikkje tolerert og denne sauen vert luka bort. Osv.

Beitestell består av sviding av lyng, gamal lyng vert svidd i mars mnd. Og det er eit mål at lyngen ikkje bør vera eldre enn 20 til 30 år, så på like mange år bør vi ha svidd heile øyas lyngheiar.


Resultat:

Av desse 130 overvintra sauene vi har på Horgo har vi ein avdrått på ca. 0,9 lam pr. overvintra sau. Gjennomsnittsvekt på leverte lam er på ca. 9 kg. Lammevekta har auka noko etter at vi kom i gang med lyngsviding på øya.

Kjøttet av desse dyra er førsteklassisk gourmémat berre med litt salt og peppar.

Eit godt råd før du smakar på villsaukjøt: Ikkje vent at det smakar sau, men ver open for nye spennande smakar.

Lars Erling Horgen

Jordbrukssjef og villsaueigar


Retur