PELSSKIN AF LAM - EI NY PRODUKSJONSGREIN

David Philipson, gardbrukar på Resø i Tanumshede, Sverige. Har i over 20 år arbejdd i svensk produksjon og omsetnad av pelsskinn frå lam. Var rådgjevar ved opptaket til pelsskinproduksjon på lam i Norge, og reiste mykje her i landet i den samanhengen i åra 1960 - 65. Gjennom sitt store arbeid for norsk pelsskinnproduktion har han vist sig som ein sann Norgesvenn. 

 

 

Av alle dei produkta som forferda våre fekk frå den tidleg domestiserte sauen i ei grå fortid, var nok skinnet eit av dei mest verdfulle. Opp gjennom hundreåra har skinn til fellar, dekken og sauskinnspelsar vore nordbuarane sine naturlege fylgjesveinar.
Men korleis har dette endra seg? Ein skulle vel tru at etterspurnaden etter pelsskinn ville bli nærast lik null i vår tid med alle dei tekniske hjelpemiddel vi no har mot kjøld og væte. I staden opplever vi ein aukande spurnad etter pelsskinn, eit luksusforbruk som meir spør etter kva som er vakkert og elegant, enn etter varme og slitestyrke. Med den aukande velstand har vi fått prestisje og statussymbol.
Først var det dei ville pelsdyra som skaffa desse luksusprodukta, men talet på desse dyra har no nådd eit lågmål, så fleire av dei står i fåre for å døy heilt ut. Pelsdyrfarmane har overteke pelsjegerane si rolle.

Skinn frå nyfødde eller ufødde lam av den asiatiske karakulsauen har alltid vore rekna som ei stor luksusvare.
Interessa for lamskinn av andre sauerasar byrja vakna først i dette hundreåret, og i våre dagar vert det marknadsført slike skinn av ulike typer og kvalitetar frå alle verdsdelar. Sverige var det førte av dei skandinaviske landa som medvete gjekk inn for ein slik produksjon. Det var den gotlandske utegangssauen som vart utgangsmaterialet for avlsarbeidet, som vart lagt opp i samsvar med ynskjer og råd frå sakkunnige buntmakarar.
Frå Norge hadde det rett nok i mange år vore ein eksport til Sverige av lamskinn frå grå trøndersau. I si tid vart det og stilla store voner til reinavl og kryssing med karakul, men den aktuelle avlen av pelssau på norsk jord er av nyare dato.
Dei som stod for leiinga av Norsk Sau- og Geitalslag hadde i lengre tid studert utviklinga av pelssauavlen i Sverige, og i 1959 vart det på initiativ frå laget, og i laget sin regi, utført ei gransking i Norge av det materialet som kunne tenkjast å vera brukbart til pelsproduksjon. Granskinga vart uført som ei synfaring av ein del flokkar med blå spælsau i Rogaland og Hordaland, Synfaringa gjekk ut på freista og finna anlegg for pelskvalitet i dess flokkane, og dermed få eit bilte av om det skulle vera grunnlag for ein pelsproduksjon på sau. Resultatet var så pass positivt at det vart vedteke å halda fram med ei avlsmessig utprøving i nokre år framover.
Teoretisk kunne det då verta tre vegar å velja.
1. Reinavl av norsk blå spælsau for pelsproduksjon.
2. Kryssing av innførde verar av gotlandsrase med søyer av blå spælsau, og vidare gjennomkryssing i eit antal generasjonar.
3. Innførsle av verar og søyer av gotlandsrase for reinavl.

Frå først av var ein klår over at ei foredling etter første alternativet ville ta lang tid, avdi det berre var få dyr ein fann med nokolunde brukbare pelsanlegg i det norske materialet. Reinavl av innført svensk pelssau ville og verta ein tidkrevjande og kostbar veg. Det vart difor at ein valde å føre inn verar av gotlandsrase til gjennomkryssing av det norske materialet. Det er elles snautt nok rett å tala om kryssing i dette høvet, då båe typene – svensk pelssau (gotlandssau) og norsk spælsau – er variantar av same rase.
Grunnlaget for avlsarbeidet i Sverige er ein nøye uført kontroll der ei mønstring (fenotypetest) av lamma når dei er 4-5 månader, er det viktigaste hjelpemidlet. Ved starten av dei norske prøvene vart det vedteke å fylgja det svenske systemet ved mønstringa.
Denne mønstringa er særleg viktig avdi det først i denne alderen er råd å vurdera pelskvaliteten. Utover hausten er det fleire faktorar, både arvelege og miljømessige, som verkar til å setja ned kvaliteten av skinna. Med aukande alder hos lamma vert og sjølve huda tyngre, og dette er ei stor ulempe ved bruk i kåper, som damene vil ha så lette som råd er. Etter 1-årsalderen er som regel all pelskvalitet borte, og ei mønstring av eldre dyr har difor inga hensikt.
Ved mønstringa fastset ein først fargenyansen etter denne skala: Svart, svartgrå, mørkgrå, grå, ljosgrå, kvitgrå og kvit.
Det er dei mørkgrå, grå og ljosgrå nyansane som utgjer den eigenlege handelsvara. Fargen vert poengsett for jamn utbreiing over heile fellen, og det vert lagt stor vekt på at fargen er rein og klår. Ofte kan ein finna lam med fleire nyanser i fellen. Dette kan tolererast om avvika frå grunntonen ikkje er for store og ikkje altfor skarpt markerte. Dyr med større heilt svarte eller kvite parti vert gjeve poengverde 0. Det same gjeld om det opptrer flekkar, og framfor alt når det tydeleg finst brune hår.
Lokkinga gjev skinna karakter, og lokkforma vert ved mønstringa oppdelt i bølga, stor, mellomstor eller liten lokk.
På same vis som for fargen, er det den jamne utbreiinga av ei einsarta lokkform over heile skinnet som vert etter måten enkelt om ei jamn utbreiing av farge og lokk var alt som skulle til for å få eit godt skinn. Slik er det diverre ikkje, og difor må ein vurdera og poengsetja ein del fleire karakterar, som både kvar for seg og til saman er med å fremja pelskvaliteten.


Gjennomkryssing med svensk gotlandssau på norsk blå spælsau har skapt grunnlag for ein norsk produksjon av pelsskinn. Gotlandssauen skil seg ikkje mykje ut frå spælsauen, men har mellom anna meir hissig temperament.

Fremst av desse andre eigenskapane er glansen. Denne vil ein ha så god som råd er. Vidare har ein dekkhåret sine eigenskapar som pelshår, det vil seia eit dekkhår som gjev ein fast og elastisk lokk. Den tredje av desse eigenskapane er og ganske viktig og har med pelsmassa sin "dekning" av huda å gjera. Ingen buntmakar likar å arbeida med eit skinn som er så tynt i pelsmasse at huda lyser gjennom. Her er det som regel tilhøvet mellom dekkhår og botnulla som avgjer kvaliteten.
Nedervingstilhøva for denne mengde av faktorar er praktisk talt ukjende, og vitskapleg forskning innan området er det lite av. Avlsutvalet når det gjeld svensk pelssau er difor ennå svært hypotetisk, men dette har fleire årsaker enn berre manglande kjennskap til dei genetiske lovene.
Å døma om pelskvaliteten på eit levande dyr er for det første langt frå det same som å vurdera det ferdige, nedklypte skinnet. det krevst lang røynsle før ein kan gjera ei nokolunde korrekt vurdering. Av andre faktorar som verkar inn på kor sikker døminga skal bli, finst det ei rad som meir er miljøgjevne, særleg då alderen på lammet, men og i høg grad alle dei faktorar som ein kort kan føra inn under omgrepet kondisjon.
Ein annan viktig vanske når det gjeld døming av pelskvalitet og utval av livdyr, er at ein veit for lite om kva marknaden krev. Korleis ein norsk marknad vil stilla seg, er faktisk ukjent. Ei særs viktig oppgåve er det difor å få i stand ein føremålstenleg omsetnad av skinna. Særleg ved auksjonssal finn ein lett fram til dei kvalitetar som vert føretrekte, og måler for avlsarbeidet trer klårare fram.
Etter røynslene frå Sverige, må ein rekna med at det også her i landet vil verta eit stort problem å få i stand einsarta døming av levande lam i dei ulike landsdelane. I Norge har det vore skipa ein del felles domarkurs. Slike kurs får sikkert større verde i framtida, ikkje minst med tanke på den korrigeringa ein vil få på grunnlag av marknadskrava.
Mønstringa eller fenotypeutvalet på gardane må omfatta alle lamma i flokken, og det må ikkje som hittil frå år til år vera det einaste hjelpemidlet ved utavl av livlam.
Mønstringa må gå inn som ei ledd i ein fullstendig plan. Dei data som vert innførde på mønstringsskjemaet må førast vidare inn i gardsstambøkene, og desse må vera utforma slik at kvar oppalar gjennom stambøkene kan få fullt oversyn over både verane og søyene sine individuelle produksjonsresultat. Det er serleg om å gjera avlsutvalet sitt etter opplysningane han kan lesa ut frå gardsstamboka. Ved oppbygginga av ein pelssauflokk bør ein nok gje prioritet for pelskvalitet, men ein må og ta omsyn til andre faktorar. Det gjeld særleg evna til å gje tunge og velutvikla lam og gor fruktbarhet.
Om ein skulle prøva å summera opp utviklinga fram til nå, så kan ein vel påstå at den nestan reine gotlandssauen ein har fått i Norge etter gjennomkryssinga, har klart tevlinga med sin norske slektning etter måten godt. Mange oppalarar meiner at slakteutbyttet er likeverdig – og i einskilde fall heller betre enn det ein får av spælsau. Morseigenskapane er rekna for å vera gode, og fjellbeitedrift med gotlandssau har ikkje bydd på særlege problem.
Noko uviss var framtida også i Sverige for berre få år sidan, man no stiller det seg der annleis, etter at ein har klart å byggja opp eit effektivt omsetnadsapparat etter fleire års strev. Samstundes har ein utvikla ein grundig sauekontroll som nøye rettar seg etter marknaden sine krav.
Dei svenske røynslene burde kunna verta til nytte for norske oppalarar og burde kunne verka med til ei raskare løysing av problema deira.
Det som trengst for å få til ei god utvikling i denne produksjonsgreina kan ikkje takast oppatt ofte nok:
Felles, organisert omsetnad av skinna, ein strengt gjennomført kontroll, og eit intimt samarbeid mellom oppalarar i alle delar av landet under parolen "ein for alle og alle for ein".

 

Retur