Rovdyr
- større problem for Noreg enn for Sverige ?

Svenske myndigheiter kritiserer Noreg for å gå inn for felling av to familiegrupper av ulv i Østerdalen og 75 prosent av svenskane vil ha meir enn 500 ulver i landet! Det må vera store skilnadane mellom oss nordmenn og våre naboar i aust! Nei">

Rovdyr
- større problem for Noreg enn for Sverige ?

Svenske myndigheiter kritiserer Noreg for å gå inn for felling av to familiegrupper av ulv i Østerdalen og 75 prosent av svenskane vil ha meir enn 500 ulver i landet! Det må vera store skilnadane mellom oss nordmenn og våre naboar i aust! Nei">

Rovdyr
- større problem for Noreg enn for Sverige ?

Svenske myndigheiter kritiserer Noreg for å gå inn for felling av to familiegrupper av ulv i Østerdalen og 75 prosent av svenskane vil ha meir enn 500 ulver i landet! Det må vera store skilnadane mellom oss nordmenn og våre naboar i aust! Nei">

Rovdyr
- større problem for Noreg enn for Sverige ?

Svenske myndigheiter kritiserer Noreg for å gå inn for felling av to familiegrupper av ulv i Østerdalen og 75 prosent av svenskane vil ha meir enn 500 ulver i landet! Det må vera store skilnadane mellom oss nordmenn og våre naboar i aust! Nei, skilnadane kan nok forklarast med korleis me brukar areala våre!  

av Veronika Seim  

Sauen beiter på innmark

Store deler av Noregs befolkning bur i distrikta og me har, tross alt, eit aktivt landbruk som nyttar ressursane i utmarka til mellom anna beiting. Dei svenske bygdene kan til samanlikning beskrivast som aude. Her i landet har me dessutan 2.1 mill husdyr på utmarksbeite, medan svenskane berre har 420.000 sauer og lam,  og desse beitar alltid innafor gjerdet. 

Førebyggande tiltak

At sauen beiter på innmark gjer sjølvsagt òg arbeidet med å førebygge tap til rovvilt lettare. I 1996 oppretta svenske myndigheiter Viltskadecenter og Forskningsstation i Grimsø som driv forsking og informasjonsarbeid om førebygging av viltskader. Deira løysing på å hindre angrep på husdyr er elektriske gjerder. Gjerda bør vere over ein meter høge og har fem straumførande trådar med 5000 volt. Totalt vart det brukt 765.000 kr. på slike førebyggande tiltak mot rovviltskader i 1999. Tilsvarande tal i Noreg for år 2000 ligg over 10 millionar kr., fordelt gjennom dei regionale rovviltutvalga og over 20 millionar for tiltak retta spesielt mot ulv.

Erstatning

I Sverige vart det betalt 680.000 kr. i erstatning for rovdyrdrept husdyr i 1999. Til samanlikning vart det i Noreg erstatta husdyr til ein verdi av 48 mill kr. – det vil se for funne og dokumentert kadaver, resten dekkar som kjent bøndene sjølve. Bjørnen hadde drepe 52 % av dei erstatta husdyra, gaupa 34% og ulven 12 %. Berre i 2% av tilfella er skadegjerande art ukjent. Erstatning for rein drepne av rovvilt kjem i tillegg, og var sist vinter på 25 mill. i Noreg og 32 mill. kr i Sverige.

Friluftsliv og anna utmarksbruk

Me nordmenn er stolte av å vera ”fødd med ski på beina”, me har bustad ”på  landet”, hytter på fjellet og ferdast gjerne i norsk natur på fritida. Svenskane reiser heller på ferie langs kysten og dei Svenske skogane vert ikkje brukt i same utstrekning. Debatten om rovvilt går av den grunn  heller ikkje så mykje på frykt og redusert livskvalitet i Sverige som hjå oss.

Tap av jaktbart vilt og jakthundar

Ser ein  bort frå problema i tamreindrifta går motstanden mot rovvilt i Sverige mest på konkuransen om jaktbart vilt og tap av jakthundar. I 1999 vart det betalt ut erstatning for 16 drepte  og 7 skada hundar, hovudsakleg på grunn av ulv.

Reindrifta

Reindrifta i Sverige har andre ordningar for rovdyrkompensasjon. Desse går kort sagt ut på at kvar sameby får betalt ut ein sum - avhengig av kor mykje rovvilt dei har i sine områder. Det er så kvar enkelt sameby si oppgåve å fordele midlane mellom reineigarane og setje i verk  førebyggande tiltak. Fordelen er at ein slepp dokumentere tapa, men med ei slik ordning sit reineigarane sjølv med ansvaret for å få redusert tap og risikoen! Jerven er det største problemet for svensk reindrift, som i Noreg.

Ulovleg jakt

Svenske myndigheiter hevdar ulovleg avskyting av jerv er ”omfattande og alvorleg” i dei samiske tamreinområda og at det eksisterer organisert ulovleg jakt på andre rovviltartar i sør.

 

Ny svensk rovdyrproposisjon:

Sveriges miljøvernminister har lagt fram regjeringa sin proporsjon om rovvilt til Riksdagen. Første etappemål er minimum:

Ulv:              
Jerv:             
Gaupe           
Bjørn:            
Kongeørn:     
20 ynglingar pr. år (ca. 200 individ)
90 ynglingar pr. år (ca. 400 individ) 
300 ynglingar pr. år (ca. 1500 dyr)
100 ynglingar pr. år (ca. 1000 dyr) 
600 årlige hekkingar
Målet er å sikre livskraftige bestandar av alle dei svenske rovdyra, noko som betyr vidare vekst i bestandane for neste etappe!


Landbruk & Rovvilt med eiga internettside.

 

Landbruk & rovvilt, som er samarbeidsprosjektet mellom Norsk Sau- og Geitalslag. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i rovviltsaker har oppretta eiga side på internett.

 

Adressa er: www.rovdyr.com  
Her finn du mellom anna fakta og informasjon omkring beitebruk – rovvilt konflikten.

 

Veronika Seim er rovviltskonsulent/koordinator i prosjektet og har kontor
 hjå sau- og geitalslaget.

e-post: 
landbruk.rovvilt@rovdyr.com

   
Copyright: Sau og geit  ( artikel februar 2001 nr. 1 )

Retur