Flokkinstinkt hjå lokal korthala sau i Baltistan 

av Veronika Seim

Foto: S-I.

 

Dette studiet om adferd hjå korthala sau in Baltistan indikerer eit sterkt flokkinstinkt hjå rasen. Konklusjonane er ein del av resultata frå mi hovudfagsoppgåva ”Grazing behavior, habitat use and diet selection on the high pastures in Basho valley Baltistan”  (”Beitesdferd, habitatbruk og diettseleksjon på høgfjellsbeite i Basho-dalen, Baltistan.”) ved Institutt for husdyrfag, Norges Landbrukshøgskule, 1999.

  Sauehald i Baltistan

Baltistan er ein region i dei nordlege delane av Pakistan som ligg i eit tørt og ulendt fjellandskap (Umrani et al., 1989) i den sørlege delen av Himalaya. Dyrkingsmoglegheitene  er avgrensa, særleg i dei øvre deler av dalen, omkring 3.200 moh., der man ikkje får meir enn ein avling i året. Difor er også er produkta frå husdyra livsviktige for desse beitebrukarane. Sæterdrift er ein viktig og innarbeidd del av deira produksjonssystem, og gjer det mogeleg for innbyggjarane å nytte dei rike høgfjellsbeita, slik me finn i mange marginale fjellområde verden rundt. Ein parallell er sæterdrifta som vart svært utbredt i dei norske fjellområde for hundre år tilbake. Bøndene held ein lokal rase av sau (Ovis aries) og gjennomsnittleg tal sau per bruk er estimert til å vere 8 (BDO, 1998). Fleire bruk slår seg saman for å gjete sine sauer og geiter samla i grupper på 100-200 dyr. Flokkane vert gjeta tett samla og passa på gjennom heile dagen, bringa tilbake til stølen eller bygda om kvelden og helde i nattkve om natta. Årsaka til at dei gjeter småfe og brukar nattkve er hovudsakleg å verne dyra mot angrep frå rovvilt som rev, ulv og snøleopard. Såkalla ”forbetra rasar” av sau har vorte importert frå dei sørlege delane av Pakistan dei siste 2-3 åra, som eitt av mange forsøk på å forbetre inntektene frå husdyrhald i området.

Material and metode

Feltarbeidet vart utført i Basho-dalen i juli 1998. Frå ei gruppe dyr plukka me, ved tilfeldig utval, ut 6 vaksne geiter og 6 vaksne sauer, og merka kvart individ med nummererte halsband. Forsøksdyra tilhøyrde 10 gardsbruk, vart gjeta i lag og var alle av rein lokal rase. Ulike sider ved dyras adferd vart observert og notert gjennom heile dagen i totalt 10 dagar. Scan-sampling vart nytta ved innsamling av data. Scan-sampling betyr at man tek eit raskt overblikk over gruppe med dyr ved regelmessige tidsintervall og at åtferda til kvart enkel individ ved det aktuelle augneblikket vert notert (Martin, 1993). Åtferda til alle dei merka individa vart notert ca kvart 45 min. Avstanden til næraste dyr av same art og avstanden til det næraste individet av den andre arten vart estimert. Samtidig vart aktiviteten, om dyret beita eller kvilte, notert. Statistisk analyse av datasettet vart køyrd hjelp av Statistical Analysis System (SAS) program, versjon 6.10 (SAS Institute Inc., 1989). I tillegg vart det gjennomført intervju med lokale gjetarar og saueeigarar om dyras adferd.   

Absal, ein 12 år gamal gjetar som passar 150 sauer og geiter 3800 m.o.h.

Resultat

Gjennomsnittleg avstand frå ein sau til den næraste sauen vart 1.2 m (tabell 1). Sauer held seg nærare kvarandre samanlikna med geiter når dei beitar eller kviler. Det mest ekstreme resultatet, avstand frå ein sau til næraste sau på gjennomsnittleg 0,1 meter (tabell 1), vart funnen når sauene la seg ned for å kvile. Avstand frå ei geit til næraste geit var i gjennomsnitt 3.6 m (tabell 1).

Tabell 1. Gjennomsnittleg avstand (m) og standard feil  (± SE) for gjennomsnittleg avstand, avstand under beiting og avstand under kvile frå sau og geit til næraste individ av same art.

Art

Gjennomsnittleg avstand,
m  (± SE)

Gjennomsnittleg avstand under beiting, m (± SE)

Gjennomsnittleg avstand under kvile, m (± SE)
Sau-sau

1.2           (0.2)

2.4          (0.1)

0.1           (0.0)
Geit-geit

3.6           (0.3)

4.2          (0.2)

2.5           (0.2)

Avstanden frå ein sau til det næraste individet av geit var større under begge aktivitetane beiting (6,2 m) og kvile (3,7 m), samanlikna med avstanden til næraste sau (tabell 2).

Tabell 2. Gjennomsnittleg avstand (m) og standard feil  (± SE) for gjennomsnittleg avstand, avstand under beiting og avstand under kvile frå sau og geit til næraste individ av motsatt art.

Art  

Gjennomsnittleg avstand,  
m  (± SE)  

Gjennomsnittleg avstand under beiting, m (± SE)   Gjennomsnittleg avstand under kvile, m (± SE)  
Sau - geit

6.9           (0.3)

6.2          (0.3)

3.7            (0.6)

Signifikant skilnad (p=0.0001) vart funnen mellom gjennomsnittleg avstand frå sau til næraste sau (1,2 m) og frå sau til næraste geit (6.9).

Lokalbefolkninga frå fleire landsbyar svara at det var stor skilnad mellom den lokale rasen og importerte rasar av sau. Dei importeter rasane vart omtalt som ”gode, men vanskelege å halde fordi dei ikkje er gode klatrarar og ikkje går godt i lag med andre dyr i flokken. Dei går saman 4-5 stykk i ei gruppe og er vanskelege å gjete”.  

Diskusjon

Dette studiet er basert på data henta frå berre 6 individ som alle høyrer til den same gruppa av dyr, og resultata kan derfor ikkje sjåast på som noko anna ein indikator for flokkinstinktet. På den andre sida ser man over heile Baltistan at sauer alltid held seg samla og fyljer raskt etter dersom eit dyr framme i flokken skiftar retning. 

Den ekstremt korte avstanden på berre 0,1 meter frå ein sau til ein anna under kvile er truleg mykje på grunn av dyras tendens til å søke områder som er i skuggen når dei skal kvile. På grunn av mangle på slike områder vert det ofte trongt her. Derfor er avstand under beiting, ein aktivitet som alltid føregjekk på opne områder/i sola ein betre indikator for flokkinstinkt, samanlikna med avstande under kvile. Avstand frå ein sau til næraste sau under beiting var likevel ikkje meir enn 2,4 m i snitt.

Sauene ser ut til å halde seg nærare ein anna sau enn samanlikna med geit. Dette vart funne både under beiting og når dei kvilte, og viser at flokkinstinktet hjå sau gjer at dei føretrekk å vere i nærleiken av ein sau i forhold til å vere nær ei geit. 

Intensiv gjeting er truleg ein faktor som påverkar avstanden mellom dei ulike individa av sau, men sidan avstanden mellom geiter som beitar i den same gjetegruppa om lag er dobbel så stor (4,2 m i snitt) må det vere mogeleg for sauene å spreie seg over eit større område innan grensene gjetaren set, om den ynskte det. Derfor kan me konkludere med at flokkinstinktet i denne korthala sauen ser ut til å vere stort. 

Predasjon på husdyr er vanleg i Baltistan. Strategien å halde seg tett samla i grupper er ein velkjent måte for kvart individ å redusere risikoen for å bli tatt av rovvilt på (Krebs and Davies, 1978). Den korthala sauerasen man har i Baltistan har, så langt man veit, vore halde avskilt frå andre rasar gjennom tusenvis av år. Flokkinstinktet me ser i denne rasen truleg utvikla seg som eit resultat av å måtte overleve med den alltid tilstadesverande faren for å verte angrepet av rovvilt gjennom hundrevis av år. 

Gjennom intervju med lokale folk frå fleire landsbyar fann me at bøndene er bevisste på skilnaden i adferd mellom sauer. På tross av betre produksjon vart dei importerte rasane vurdert som mindre verdifulle når det gjaldt åtferd samanlikna med den lokale rasen. 

Lokal rase av sau og geit som søkjer skugge under den heitaste tida på dagen.

Foto: V.S.


Konklusjon

Gjennomsnittleg avstand  frå ein sau til næraste sau medan dei beita var 2.4 m og denne åtferda, å halde seg tett saman, indikerer eit sterkt flokkinstinkt hjå lokal korthala sau i Baltistan. Sauen hald seg tettare saman enn kva som vart kravd av gjetaren og sau føretrakk å vere nærare ein anna sau samanlikna med å vere nær ei geit i gruppa. Dei lokal bøndene ser på  eit sterkt flokkinstinkt hjå sauen sett på som ein fordel. 

Litteratur:

Basho Development Organisation, IUCN, AKRSP & Norther Areas Parks, Forest and Wildlife Department (1998) Basho Community Conservation area. District Skardu. Unpublished.

Krebs, J.R.and N.B. Davies, (1978) (ed.tors), Behavioural Ecology. An evolutionar approach.                       Sunderland , Mass.: Sinauer Associates. pp 122-147.

Martin, P. & P. Bateson. (1994). Measuring behaviour, and introductory guide, 2 nd edition. Cambridge University Press, Cambridge, 6: 84-87.

SAS Institute Inc. (1987). SAS/STATTM  Guide for Personal computer, Version 6 Edition.: SAS Institute Inc Cary, NC. ISBN 1-55544-064-9.

Umrani, A.P., P.R. English & P.R. Younie. 1998. Rangeland Conditions and Animal Production Systems in Pakistan. Desertification Control Bulletin, 32:30-39.  

Veronika Seim

Veronika Seim avslutta sitt studie ved Institutt for Husdyrfag, Noregs Landbrukshøgskule (NLH) i 1999 med hovudfagsoppgåve om ekstensivt husdyrhald og beitebruk i høgfjella i Nord-Pakistan. No arbeider ho på koordineringsprosjektet Landbruk og Rovvilt (www.rovdyr.com), eit samarbeid mellom tre norske landbruksorganisasjonar om problematikken beitebruk og freda rovvilt. 

Retur