JON SÆLAND OG SPÆLSAUEN

Sheep-Isle har sett seg føre å samla og arkivera litteratur og artiklar om spælsauen. Ein vonar at dette vil vera ei hjelp til å kunna skjøna spælsauen sitt særpræg.

Sheep-Isle tarv særleg å setja seg inn i den føremonen spælsauen har framfor andre rasar til å tilpassa seg naturtilhøva på Hjelm.

Det er eitt namn ein stadig møter på når ein les om sau i kjeldemateriale for Noreg.

Det er JON SÆLAND (1876 - 1963) Sheep-Isle ser det slik at Jon Sæland stiller i ei klasse for seg når det gjeld saueal i Skandinavia.

ME VIL HER RETTA EIN STOR TAKK TIL FAMILIEN SÆLAND, GUNLEIV SÆLAND OG EINER SÆLAND, SOM GAV OSS LOV Å GJEVA UT SKRIFTER M. M. AV JON SÆLAND.

Sheep-Isle vil leggja ut ein serie artiklar under overskrifta "Jon Sæland og spælsauen" med undertittelen "Statskonsulenten som staka ut sin eigen kurs".

Jon Sæland sitt skriftlege livsverk er særs omfattande. Artikkelserien vil starta i haust og halda fram heile 2001.

Her følgjer den fyrste artikkelen. Han er henta frå boka "Mannestrid", dagsett Gvarv 24/6-56.

 

SAUEKONTROLLEN.

SPÆLSAUEN SLÅR UT ALLE ANDRE SAUESLAG I LANDET NÅR DET GJELD AVDRÅTT ETTER STORLEIK

 

Melding um avdråttskontrollen for sau 1954-55 er no prenta (i Sau og geit) og på nytt lag syner det seg klårt, at inkje anna sauslag kan tevla ut spælsauen når det gjeld um å hava stor lambavdrått.
Når det vert rekna ut pr. 100 kg levande vekt gav:

400  spælsøyor

i medel  

ei lev.  haustv. 51,3 kg

107,8

kg  lambv.
2750  dalasøyor >> >> >> 73,4 kg 92,7 >> >>
713  rygjasøyor >> >> >> 68,0 kg 87,6 >> >>
402  sjeviot >> >> >> 63,1 kg 86,8 >> >>
298  steigarsau >> >> >> 69,4 kg 86,0 >> >>


Som ein ser har spælsøyone gjeve ein lambavdrått  som er heile 15,1 kg høgre enn dalasauen som er nest best. Spælsauen har elles vori fremst i alle år kontrollen har vara og ikkje berre her i landet er det soleis. I Sverige med.
Det er soleis ikkje anna ventande enn at mange saualarar i landet spiler upp augo og er mykje undrin yver, at det gamalnorske sauslaget som so lenge vart vanakte og gjeve kniven til fremjing av innførde, framande slag, ikkje berre greider å tevla med desse, men jamvel i ymse leidor går langt framum dei – når dei vert granska på like fot med hine.
Det kan nemnast her at saukontrollen i Sverige so tidleg som 1941 synte, at spælsauen i dette landet gav 92,4 kg lambvekt (5 månader gamle lamb) for kvart 100 kg søyevekt medan dei tilsvarande tali for sjeviot og oxford down berre var 65,6 og 67,7 kg og etter eigne røynslor med dei norske sauslagi kunne eg alt so tidleg som for 40 år sidan skriva i fyrste sauslagi boki mi, at um me hadde teke hand om spælsauen vår eigen då det vart mote å drepa han ned og taka att utanlandske slag, so hadde me då (40 år sidan) truleg havt ein betre sau i landet enn den me hadde. Etter det me no veit, med saukontrollen og mange røynslor kringum i landet, som grunnlag, kan me no slå fast at dette var rett. Me kan no leggja til, at um me hadde havt vit til å gjort det soleis hadde me attpå til spara mange pengar både for staten og for den einskilde saualaren.

Men det er sjølvsagt sers viktugt og verdfullt at me no er kome so langt, at me veit alt dette og kan taka umsyn til det under arbeidet vidare fram etter.
Lærdomen som me no har fenge kring soga åt spælsauen har elles kan henda litt lærdom å gjeva oss når det gjeld dei andre husdyri med t. d. storfeet. For dette er me nett no uppe i ei neddrepingsrid af dei fæle når det gjeld det heimlege norske feet. Kvar gjeng du bonde?
Spælsauen har gjort det godt. Men er det då rette vegen å hoppa attende til han alle mann so fort som me kan?
Nei, det er det ikkje. Men etter det me no veit um han og dei andre slagi, vil han visseleg etter kvart koma til å apa seg mykje fram i landet i tidi som kjem, for no veit me, at når det gjeld viktugaste evna me krev hjå sauen, å gjeva stor lambavdrått – under dei tilhøve me bjodar han, so er han langt framum alle andre slag me har i landet.
For berre kring halvt hundrad år sidan var han nestan heilt avdanka i landet, men endå um han dei seinste firti åri har vore på uppgangs veg att, so er det framleis lite av han i landet imot det som er av sau av framandt blod. Og dette med er godt, jamnt yver fram ifrå godt, og bør soleis haldast uppe utan bråskifte i alle fall. Serleg av umsyn til saualarane må det vera so. Det sauslaget som dei er vorten glade i, må dei i lengste laget få halda på avdi at ”manns vilje er manns himmerik”. Det som ein er vorten retteleg glad i, kjem ein gjerne lengst med.
På jamnan er det so, at saualarane gjerne vil hava tvillingar etter søyone sine. Her med står, etter kontrollen, spælsauen fremst med 1,59 gagnslamb av vinterfostra søye (gjeldsøyone og medrekna). Nest best her  er sjeviot med 1,50 gagnslamb. Der etter kjem dalasau med 1,47, so rygjasau og steigarsau med 1,42 gagnslamb.
Når det gjeld ullmengd står dalasauen fremst med 3,72 kg um året for kvar søye, der etter kjem steigarsau med 3,56, sjeviot med 3,25, rygja med 2,87 og spælsau med 2,38 kg i medel pr. søye um året.
 Her vart spælsauen sist, men sjølvsagt måtte han verta det sidan ullvekti ikkje er rekna ut pr. 100 kg levande vekt, men er teken som medel pr. søye. Hadde ullmengdi vori utrekna pr. 100 kg søyevekt hadde det vilja synt seg, at spælsauen er den ullrikaste av alle.
Eit anna tal som har stor interesse er vektauken pr. søye frå vår til haust soleis trivnaden på beite. Her er tali soleis: Dala 13,7 kg i medel, sjeviot 11,2, rygja 9,2, spælsau 7,3 og steigarsau berre 5,5 kg. Her med er tali tekne pr. søye og ikkje etter 100 kg-vekti og soleis vert dei lite sætande når ein vil veta kva sauslag har synt størst trivnad på beite. Men tek me her vektauken um sumaren pr. 100 kg. søyevekt, fær me desse tali:

dalasau 
sjeviot 
spælsau 
rygjasau 
steigarsau 

18,6 kg
17,7 kg
14,2 kg
13,5 kg
7,9 kg

Når det gjeld trivnaden på beite har soleis dalasauen kome fremst, men sjeviot er ikkje langt undan, medan steigarsauen ikkje ein gong har nådd helvti so høgt som desse og står svært ringt her. Rygja og spælsau er ikkje so langt ifrå einannan og her må me seia at spælsauen med sine 14,2 kg har vori reint uvanleg god når me kjem ihug at han i lambavdrått står langt framum alle og like eins har fostra på det største lambtalet av alle.

8 søyor frå Ålvundeid har kome høgst av alle i heile kontrollen med ein medel lambavdrått på 140 kg. Indre Hardanger står elles endå betre avdi dei for so mykje som 25søuor har nådd ein medelavdrått på 139,7 kg. Uvanleg høgt her kjem elles Voss med ein avdrått på 133,8 kg for 31 søyor og Gjestal med 131,1 kg for 8 søyor.
I det heile syner det seg at saukontrollen gjev mykje forvitnelege upplysningar um dei ulike sauslagi i landet og soleis lyt me tru, at dei tali som alt no er kome fram og prenta, vil verta granska godt av dei einskilde saualarane kringum i landet. Serskilt når det gjeld fyrigangarane må me venta og vona, at dei tek seg tid til å granska tali godt.
24/6-56

Retur