Islandsk
sau – ein rase med stor genetisk variasjon, til dømes eit unikt leiarinstinkt
![]() |
av Ólafur
R. Dýrmundsson Professor. Det
Islandske Bondelag Bændahöllin,
Pb. 7080 127
Reykjavík, Island Tlf.:
+354-563-0300/0317 Faks:
354+562-3058 E-post:
ord@bondi.is |
Den
einaste saurasen på Island er innfødd nord-europeisk korthalesau, brakt hit
med nybyggjar, Vikingane, for 1100-1200 år sidan.
Utan korthalesauen ville ikkje islendingane overlevd gjennom hundrevis av
år med motgang på ei isolert øy rett sør for den arktiske polarsirkelen. Til
og med vinterbeiter måtte nyttast til det yttarste, og på ein eller anna måte
har det utvikla seg ein liten unik populasjon av sau innan rasen som viste
framifrå eigneskapar til å hjelpa bøndene og gjetarane med å styre flokken,
nemleg leiar-sauen. Sjølv om gardsdrifta har endra seg, og dermed også rollen
til desse svært intelligente sauene med spesiell årvakskap og
leiar-karakterestikkar i genane, er det enno att 1000-1200 slike sauer i den
totale populasjonen på 460.000 vinterfora sau.
Lat oss sjå
meir i detalj på den islandske rasen.
Det
Nordiske opphavet til rasen vert plassert i same gruppe som til dømes Finnsk
Landrase, Romanovsauen i Russland, Gamalnorsk Spælsau i Noreg, Gotlandsauen i
Sverige, Færøysau frå Færøyane, samt Orkenøy- og Shetlandsau frå England.
Sauene på Island stammar frå dette same opphavet.
Den
Islandske rasen er hardfør og sjølv om nokre få dyr av utanlands opphav
tidlegare har vorte importert ved få tilfeller, derimot ingen dei siste 54 år,
ser det ut til at deira effekt på rasen har vore uvesentleg. På grunn det
relativt isolerte landet, har sjukdommar som munn- og
klauvsjuke og ondarta
fotråte aldri funnest på
Island.
Medan
mesteparten av sauene har horn (både søyer og værar), er rundt 30 % av den
totale populasjonen kolla. Dei er hovudsakleg kvite, men 15-20 % av den totalt
populasjonen har fargar. Det er stor variasjon i fargemønstera. Ulla har to
lag, ei lengre og grovare dekkull og ei kort finare botnull. Sidan det vert lagt
stor vekt på produksjon av lam (90%) vert ull og skinn mykje mindre viktig
(10%). Gjennomsnittleg vekt av ulla frå ei søye er 2,0-2,5 kg.
Gjennomsnittleg
levandevekt er for vaksne værar er 90-100 kg og for vaksne søyer 60-65 kg. Søyene
er fruktbare og mjølkar godt. Det er vanlegvis mange tvillingfødslar og ein
parar ofte søyelamma. Ei linje av spesielt fruktbare sauer, Thoka-sauene som er
kjent for å få mange lam, eksisterar innan rasen. Lamma har ein relativt rask
tilvekst på 250-300 g/dag. Eit lam med gjennomsnittleg storleik har ei
levandevekt på 36 kg og slaktevekt på 14,5 kg ved normal slaktealder om er
120-130 dagar. Vêrlam vert vanlegvis ikkje kastrert. Det har vorte lagt vekt på
å forbetra tilveksten og kroppsform. Kjøttet er av god kvalitet.
Det
islandske systemet for produksjon av sau fyljer årstidene med innefòring og
paring om vinteren, lamming om våren (mai) når beitesesongen tek til og
slakting om hausten (september-oktober). Slaktesesongen vert forlenga for å
kunne levera ferskt lammekjøtt til marknaden også på seinsommar og tidleg
vinter. Sauen beiter i utmark, mellom anna på ekstensive fellesbeiter i fjellet,
gjennom heile sumaren og utan gjeting. Såleis er sauehaldet i god harmoni med
naturen.
Islandsk
sau finst i nokre få andre land. Den største populasjonen er på Grønland og
stammar frå eksport i 1915, 1921, og 1934 frå både Nord- og Sør-Island.
Gjennom dei siste tre tiåra i dette hundreåret har det, nokre få gonger vorte
eksportert eit mindre tal livdyr av sau, hovudsakleg til Danmark i 1973, England
i 1979 og 1990, samt Canada i 1985 og 1990. Sæd vart eksportert til Noreg i
1971 og 1972, Skottland og Wales i 1985 og USA i 1998 og 1999. Derfor eksisterer det fleire buskapar av islandsk sau,
hovudsakleg reinrasa, i desse landa. No for tida er det veksande interesse for
den islandske rasen i Nord-Amerika, der også eit spesielt nyheitsbrev vert
publisert og ei internettside er i drift (E-post: webmaster@isbona.com).
Og no,
litt meir om den unike islandske leiar-sauen.
![]() |
Biskup, frå garden Ytra –Àland
på Nordaust-Island er svart-brokete med blæs og kvite føter. Han er føyeleg
og flink, har eit intelligent utrykk og kjem truleg til å ta del i å bevara
leiar-sauen på Island. |
Sire list | |
Nokke
menneskjer kan påstå at sauer ikkje er intelligente eller dyktige. På tross
av det er det velkjent at sauer har deira eigen intelligens, sjølv om den ikkje
kan samanliknast med menneskja sin. Me bør likevel ikkje underestimere
klokskapen til husdyra. |
Me vil
absolutt ta vare på leiar-sauen! Interesserte oppretta Islandsk Leiarsau
Foreining i april 2000. Mellom hovudmåla er å forbetre individregisteringa av
desse dyra over heile landet og planlegge ein meir effektiv avl. Man kan no få
kunstig befruktning frå to leiar-værar.
Prestur, frå garden Bakki, på Nordaust-Island har
slektskap til leiarar fleire generasjonar tilbake. Han er svart med kvit krage
og er langføtt med høge skuldre. Han er føyeleg og vaken, lett å handtera og
føljer etter eller går med om du held han i hornet, noko som blant anna
indikerer høg intelligens. Skrapesjuketesten indikerer sensibilitet. Han
er ikkje i slekt med Biskup |
![]() |
Me veit at
den beste leiar-sauen er å finna i flokkane på Nordaust-Island, men bønder i
alle deler av landet interesserer seg for å bevara dei. Støtte kjem også frå
personar som ikkje sjølv har sau. Islandsk sau, og ikkje minst leiar-sauen, har
heilt klart ei spesiell rolle i vår kultur. Eg har eit par sauer sjølv,
inkludert ei leiar-søye, og har fått æra av å vera den fyrste formannen i
Islansk Leiarsau Forening, som allereie har 130 medlemmar.
Sjølv om
sau er mindre viktig økonomisk no enn tidlegare skaffar den 20 % av dei totale
inntektene frå landbruket på Island. Den islandske rasen er eit godt eksempel
på ein gamal rase som suksessfullt har vorte forbetra gjennom utval utan å ha
vore kryssa med andre rasar. Den er godt tilpassa dei lokale forholda og den
store genetiske variasjonen er ein skatt med både forskingsmessig, sosial og
kulturell verdi.
![]() |
||
Fri til å
vandre rundt om sommaren; innandørs opphald om vinteren. Sau beiter fritt om
sommaren, men flokkane vert samla saman om hausten og haldne inne over vinteren.
|